Samling: Melovitten

Melovitten er eit plateselskap som gir ut musikkproduksjonar hovudsakleg innan folkemusikksjangeren. 
Selskapet leverer også tenester som utøvande kulturelle og pedagogiske oppdrag innan dans, musikk, komposisjon og arrangering, samt tenester innan prosjektleiing og administrasjon.
Selskapet vart stifta av ekteparet Bjørn Kåre Odde og Solveig Brekke Hauknes i 2021 og held til i vakre Vågå i Ottadalen.

Ordet "melovitt" er eit lokalt namn om dansen menuett. Ein finn også fleire springleikar i Ottadalen som kallast melovitt.

Melovitten