Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Sudan Dudan - Heimen der ute

Sudan Dudan - Heimen der ute

Vanlig pris 199,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 199,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Å vente på ny musikk frå denne duoen, er som å lengte heim. No kjem endeleg den fjerde plata og stiller lengten med Heimen der ute.
Fem år er gått sidan Marit Karlberg og Anders Røine ga ut plata Inntil i dag. Platemeldarane var over seg. Smale og små publikasjonar, breie og riksdekkande aviser; alle var dei fulle av lovord, terningane trilla til femmarar og seksarar. – Årets beste norske plate er store ord for ein liten duo frå folkemusikk-land.
Etter den førre plata fekk duoen eit større publikum. Det var som om musikk-Noreg endeleg oppdaga dei. Dei vart samanlikna med Gillian Welsh og Dave Rawlings, som ein løyndom som hadde traska rundt utan at nokon visste om dei.
Heile vegen har dei dyrka den doble klangbotnen, både musikalsk, tekstleg og tematisk. Dette blir tydelegare att i Heimen der ute. Les tittelen ein gong til og du vil forstå. Høyr på songen som heiter Festen, som er så skjerande sår. Lytt til instrumenta som blandar seg med lys og mørke, stemma til Marit, iblant monumental i styrke, andre gonger berre eit pust. Instrumenteringa til Anders, briljant og søkande.

Vis alle detaljer
Handlekurven din
Produkt Produktets delsum Antall Pris Produktets delsum
Sudan Dudan - Heimen der ute
Sudan Dudan - Heimen der uteTA178
Sudan Dudan - Heimen der uteTA178
199,00 kr/stk.
0,00 kr
199,00 kr/stk. 0,00 kr