Slåtter til sluskeball, brudlaup og finfine selskap
Format
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Sør-Fron spelemannslag er eit samspelt og tradisjonsrikt spelemannslag frå Gudbrandsdalen. Laget har markert seg i fleire samanhengar og spelar klokkereint og tett samspel!
Det har gått over 20 år sidan sist Sør-Fron spelmannslag gav ut plate. Sidan den gongen har det runne mykje vatn i Gudbrandsdalslaugen. Vi meiner det er viktig å dokumentere og ikkje minst presentere noko av repertoaret vårt frå dei siste to tiåragjennom ein albumproduksjon. Av og til er det nødvendig å stoppe opp og sjå seg attende før ein ser framover. Vi er heldige og har tilgang på eit rikt slåttemateriale. Dette kan vi takke dei mange dyktige kjeldene våre for, som har forma og vidareført musikken gjennom generasjonar. Laget har vore heldige og fått spelt på mange ulike scener opp gjennom åra. Frå Ruste Bygdahus og Øvertun Grendahus til Universitets Aula og Den Norske Opera. Uansett kor ein spelar og kven ein spelar for, er det viktig å ha gode slåttar og ikkje minst slåttar som fengjer publikum. Tittelen på albumet er ei lettare omskriving av ei skildring Ola Rønningen hadde av sambygdingen og storspelemannen Jon Stulen. Vi synest at tittelen er treffande for musikken vår, og for slåttane som vi presenterer på denne plata. God fornøyelse!
Sporliste
1. Galopp Etter Erik Bjørke (3:39)
2. Firetur Etter Jehans Slåstugun (2:28)
3. Reinlender Etter Jon Stula (3:08)
4. Masurka Etter Sigmund Hernæs (2:17)
5. Galopp Etter Ola Rønningen (1:58)
6. På Gamel-Gjerda, Vals (2:28)
7. Reinlender Av Ole Lien (2:56)
8. Masurka Etter Jon Stula (3:21)
9. Per Sletten, Vals (2:27)
10. Gammel-Nermoen, Hamburger (2:30)
11. Masurka Etter Asbjørn Stensrud D.E. (2:28)
12. Reinlender Etter Erike Bjørke (2:41)
Share

Mer fra Sør-Fron spelemannslag
Mer fra Talik
Se alle-
-
Vanlig pris 199,00 NOKVanlig prisEnhetspris / per
Salgspris 199,00 NOKAftenstemning
Camilla Granlien & Kristin SevaldsenCD
-
Vanlig pris 199,00 NOKVanlig prisEnhetspris / per
Salgspris 199,00 NOKEg ser deg
Turid Spildo, Knut Hamre & Johannes MartensCD
-
Vanlig pris 199,00 NOKVanlig prisEnhetspris / per
Salgspris 199,00 NOKNever on a Sunday
Ragnhild FurebottenCD