Soga om Olav Moe
Format
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
BOK (500 sider med cd)
Olav Moe (1872–1967) levde eit liv som strekte seg over nær heile det
moderne Noregs historie. Frå oppveksten på eit småbruk i Valdres steig
han fram som spelemann, folketalar, avisredaktør og stortingsmann – ein
sentral aktør i politikk, kultur- og organisasjonsliv både lokalt og nasjonalt.
Som hardingfelespelemann reiste han landet rundt og langt utanfor
Noregs grenser, med ei tydeleg overtyding om at folkemusikken var ein
berebjelke i nasjonsbygginga. Samstundes stod han midt i dei politiske
brytingane i mellomkrigstida, frå radikal venstrepolitikk til seinare nasjonal
konservatisme.
Dette er historia om ei motkulturell klassereise og om eit menneske
som vigde livet sitt til ei større sak, men som òg opplevde djupe personlege
tap. Soga om Olav Moe teiknar eit rikt og samansett portrett av ein av
dei mest markante skikkelsane i norsk folkemusikkhistorie.
Forfattar Kjellbjørn Karsrud (f. 1986) er oppvaksen på Leira i Valdres og spelar hardingfele
blant anna i tradisjon etter Olav Moe. Han har tidlegare gjeve ut
«Soga om spelemannen Ola G. Okshovd» (2021), og arbeider elles som
redaktør i magasinet Folkemusikk.
1.Rotneims-Knut (a.d.a.e.). 1937.
2.Gangar (a.d.a.e.). 1937.
3.Gangar (a.d.a.e.). 1937.
4.Moghusen (a.d.a.e.). 1937.
5.Bondevals (a.d.a.e.). 1946.
6.Brureslått (a.d.a.e.). 1946.
7.Springar etter Ola på Hamrisbrøto (a.d.a.e.). 1946.
8.Seterliv (a.d.a.e). 1946
9.Vårstemning (a.d.a.e.). 1946
10.Spelemannsprøva (a.d.a.e.). 1953.
11.Hilmerengja (g.d.a.e.) 1953.
Share

Mer fra Olav Moe
Mer fra Talik
Se alle-
-
Vanlig pris 229,00 NOKVanlig prisEnhetspris / per
Salgspris 229,00 NOK1700
Vegard Vårdal & Patrik Andersson TidmanVinyl
-
Vanlig pris 319,00 NOKVanlig prisEnhetspris / per
Salgspris 319,00 NOKSlåtter fra Åseral
Vegar VårdalVinyl
-
Vanlig pris 369,00 NOKVanlig prisEnhetspris / per
Salgspris 369,00 NOKPatina
Trygve K. Vågen og Hillborg RomtveitVinyl
-
Vanlig pris 369,00 NOKVanlig prisEnhetspris / per
Salgspris 369,00 NOKSiljes salong
Silje Solberg, Håkon Høgemo og Einar MjølsnesVinyl