Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Maar

Vrangsvevd

Vanlig pris 199,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 199,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Format

CD 199,00 kr

Med debutalbumet ”Vrangsvevd” serverar MAAR tradisjonell norsk folkemusikk med ein utradisjonell vri. Maar vevar saman kjende slåttar og nyskriven komposisjonar til eit nytt og felles uttrykk. - Musikken er både leiken og luftig, groovy og intens, men har likevel rom for det såre og melankolske.

Trekløveret Brekken, Frøholm og Tillung har alle ulik bakgrunn som musikarar, men på Maar sitt debutalbum har dei klart å sameine sine styrkar på ein meisterleg måte. På denne plata får ein servert alt frå røffe springarar som røskar i beinmargen til sukkersøte bruremarsjar, alt i trioen sine eigne, finurlege og leikne arrangement.

Der slåttespel på hardingfele og fele står som Frøholm sin styrke, fungerar Tillung sitt trekkspel og Brekken sin kontrabass ikkje berre som eit reint komp, men dei krydrar i tillegg det heile med stor kreativ utfalding. Arrangementa er grundige og gjennomførde der dei treng å vere det, men har òg rom for fridom og leikenheit.

1. mai er det klart for sleppet av MAAR si debutplate ”Vrangsvevd” og dette vert feira med ein liten Noregsturné.

Då MAAR først møttest tok det ikkje lang tid før dei bestemte seg for å utforske denne spennande besetninga, danne ein trio saman og satse for fullt mot CD-utgjeving og turnering. Duoen Frøholm/Tillung hadde allereie gjeve ut det kritikarroste debutalbumet Eins i 2009, men sommaren 2013 møtte dei jazzbassist Ellen Brekken og MAAR vart ein realitet.

Sporliste

1. Kolagutane (4:20)
2. Håssåmesen (3:16)
3. The Edinburgh Waltzer (3:36)
4. Brureslått Frå Nordfjord (4:04)
5. Falls Of Foyers (2:55)
6. Hardråde (3:33)
7. Bischofsdorfen (2:49)
8. Golden Bridge (4:15)
9. SørVest (2:17)
10. Freske Førkjer Og Fælne Fusser (4:27)
11. Kjøkmeistervise (3:42)
12. Jeg Har Så Lun En Hytte (3:05)

SKU: TA123

Strekkode: 7090010521209

Format: CD

Label:Talik

Releasedato: 02.05.2014

Vis alle detaljer