Hopp til produktinformasjon
1 av 1
Vanlig pris 229,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 229,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Format

Vinyl 229,00 kr

Nå tilgjengelig på vinyl!

Eit trekkspel. Ei kvinne. Berre eigne låtar. Umbra er debutplata til folketrekkspelaren Linda Gytri frå Oldedalen i Nordfjord. Cden består utelukkande av Gytri sine eigne komposisjonar, spelt på solo trekkspel. "Linda har laga melodiar som spring ut av ei kjelde. Naturleg. Som om dei alltid har vore her" skriv Sigrid Moldestad om Umbra.

Musikken er inspirert av folk og sterk natur. Tittelen på plata er henta frå latin, og tyder skugge. "På ein måte speglar vi alle kvarandre, vi ber alle med oss ein skugge av dei vi har møtt. Mine låtar er skuggane av dei eg har møtt – eit nytt bilete av det desse personane har gjeve meg, og det som har oppstått mellom oss. Som vi kan sjå ein skugge, kan vi høyre låtane. Som vi kan følgje skuggen sine linjer og former, finn vi linjene og formene i musikken. Det oppstår noko heilt nytt. Noko fullverdig eige. Umbra." skriv Linda i coveret.

I musikken hennar er der rom for både ettertenksom melankoli og friske vindpust - på hennar heilt eige vis. Trekkspel er ikkje berre trekkspel, men også ei kjelde til draumar og musikalske landskap å sveve avgarde i.

Sporliste

1 Vakje 4:41
2 Rutete Polska 3:19
3 Näkemiin 5:34
4 Appelsinspringar 2:03
5 Rasmus Rare 2:40
6 Blå Draum 4:20
7 Kaivama 2:18
8 Stad 2:34
9 Tegode 3:54

SKU: LMPLP312

Strekkode: 7041885403121

Format: Vinyl

Label:Lærdal Musikkproduksjon

Releasedato: 26.04.2013

Vis alle detaljer