Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Egil Olsen - direct sunlight and heat

Egil Olsen - direct sunlight and heat

Vanlig pris 199,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 199,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Egil Olsen slepp nytt album 11.oktober, men kun på fysisk format. Om dette seier han sjølv:
«For fans og die hard musikkelskarar, kjem heile albumet allereie no, på både CD, vinyl og kassett! Eksklusivt på min eigen nettbutikk, på konsertane mine, og nokre få platebutikkar.
Eg lagar album-album. Verk. Eg synest det er trist at ekte musikk blir redusert til content sidestilt med memes og generisk musak. Dette er ein halvtime, nøyaktig 30 minutt faktisk, med kunst. Med meg på kunstverket, har eg Martin Morland (Beharie, Masåva etc.) på bass og Kim Åge Furuhaug (Orions Belte, Alexandria Quartet etc.) på trommer. Sjølv spelar eg på heile studioet mitt, syng, skriv, produserar, miksar og triksar.»

Musikken er ofte lystig, til tider ganske funky til og med. Det er beats, fuglane kvitrar, det er harmonisk og vinylen knitrar. Det rimar og det er catchy. Det er songar om alt fra å forsvinne i si eiga boble til å sakne sine kjære avdøde hundar. Songar om vanskeleg kjærleik og om å ikkje passe inn, om alt frå frekvensane i kosmos til å drukne i havet av digitalt innhald. Han syng om å klippe seg i småbitar og sette seg saman på nytt og om å gle seg til sommaren er over. Bak humor og fiffigheit, samples og trommemaskiner, triks og effektar, ligg noko av det såraste og mest personlege han har laga.

Tittelsporet ‘Direct Sunlight and Heat’ sleppast som digital singel 11. okt. og kvar tredje veke framover, slepp han songar fra albumet digitalt.

Vis alle detaljer
Handlekurven din
Produkt Produktets delsum Antall Pris Produktets delsum
Egil Olsen - direct sunlight and heat
Egil Olsen - direct sunlight and heatUIREC040
Egil Olsen - direct sunlight and heatUIREC040
199,00 kr/stk.
0,00 kr
199,00 kr/stk. 0,00 kr