Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Diverse artister

Lyst heile natta

Vanlig pris 199,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 199,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Format

CD 199,00 kr

Den nordnorske landsdelen er lang. Veldig lang. Og beintøff. Det same kan ein seie om polsdansen i nord: ein beintøff skapnad som har overlevd i generasjonar. Ikkje fordi han er gamal, men fordi han er tøff, robust og vakker.

Eller som Hans Olsen frå Andørja (fødd 1882) fortalde til folkedansforskar Egil Bakka: «Beinan sette dei i lufta og forskjellig. De kunne spenne i taket med ein fot. Dei dansa vrangvegen og rettvegen. Det var ikkje mange som var borti den, og så måtte det vere armslag for det gjekk så vilt for seg, berre eit og to par samtidlig.»

I eit par hundreår har polsdansen vore brukt til fest og spetakkel, og det har vore gjort eit godt arbeid av arkiv, organisasjonar og enkeltpersonar med å vidareføre musikken og dansen til nye generasjonar av utagerande nordlendingar. Nokre av dei beste spelmennene i landsdelen i dag, har fanga variasjonen og rytmikken i dei ulike slåttane, og gjeve dei sitt eige særpreg. Plata syner eit regionalt bidrag til ei danse- og musikkform som for ei stund sidan var popkultur i heile Norden, og som framleis får heile kroppen til å rykke i polstakt.

Med denne plata håpar vi å gjere dei nordnorske polsdansane endå meir tilgjengelege for dans- og musikkelskarar i landsdelen, heile fedrelandet og i det store utland. Lyst heile natta!

/ Sigurd Johan Heide

Idé og initiativ: Folkedansfestivalen 2011 i Bodø

Prosjektleder: Terje Foshaug, Folkemusikk Nord

Kunstnerisk ansvarlig: Ragnhild Furebotten

Miks og master: Store Studio AS ved Are Simonsen

Grafisk design: Eva Karlsson

Forsidefoto: Hans M. Kanstad utlånt av Bård Ytterstad

Økonomisk støtte: Nordland ungdomsfylking, Finnmark ungdomslag, Troms ungdomsfylking,

Sørfold danserlag, Bø barneleikarring, BUL Bodø, Bodø folkedanslag, UL Framsyn og Norsk Kulturråd.

Spelmenn og spelkvinner: Susanne Lundeng, Julie Alapnes Normann, Ragnhild Furebotten, Vegar Vårdal, Leif Egil Andreassen, Mikal Lundemo, Ståle Paulsen og Målselv Spelmannslag.

Takk til: Ola Graff, Sigurd Johan Heide, Bård Ytterstad, Roald Rendmælmo, Tor Magne Hallibakken, Kysten Studio, Fred Endresen, Odd Andreas Tofteng, alle musikerne som har bidratt, Ta:lik og Halvdan Sivertsen for lån av «tittel»!

Sporliste

1. Polsdans Etter Hans Haugen, Susendal (2:38)
2. Polsdans Etter Børre Holmstad, Vestvågøy (2:30)
3. Polsdans Fra Lofoten Nedtegnet Av Leiv Valberg (2:11)
4. Polsdans Fra Drevja Etter Walter Solli (2:45)
5. Aslag-Slåtten Etter Aslag Aslagsen, Beiarn (3:08)
6. Nordlandspols Fra Lofoten Nedtegnet Av Johan Nymo (2:32)
7. Springar Etter Leiv Valberg, Vestvågøy (3:33)
8. Jo Annjerso-Slåtten Etter Johan A. Aronsen, Beiarn (2:04)
9. Polsdans Fra Beiarn Etter Wilhelm Øines (3:23)
10. Polsdans Fra Drevja Etter Walter Solli (2:55)
11. Polsdans Etter Daniel Hægstad, Lødingen (2:04)
12. Polsdans Fra Beiarn Etter Wilhelm Øines (2:35)
13. Polsdans Fra Sørfold Nedtegnet Av Alfred Buvik (2:13)
14. Jarføro Etter Ole Arntsen, Velfjord (2:14)
15. Polsdans Etter Kristine Kvam, Mosjøen (1:48)

SKU: TA91

Strekkode: 7090010520837

Format: CD

Label:Talik

Releasedato: 05.08.2011

Vis alle detaljer