Hopp til produktinformasjon
1 av 1
Vanlig pris 389,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 389,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Format

Vinyl 389,00 kr

Oldefar, Sjugurd Garmo (1896–1991), var gardbrukar og spelemann
frå Garmo i Lom. Han og oldemor Helene var budeier på setra
i Kleppdalen. Opphalda på Uppigardssetra i Kleppdalen vart produktive
år for oldefar som komponist. Han var særs glad i dyr, fjell
og natur, og dette gav mykje inspirasjon til slåttane hans. Han
meinte at han høyrde melodiar i naturen rundt seg, og komponerte
ofte medan han gjekk i fjellet, noko ein høyrer ein i vemodet i
musikken hans. Han komponerte både gammaldans- og bygdedansmusikk,
og skreiv spesielt mange springleikar. Sjugurd skreiv
til saman opp imot 50 slåttar, og dei er kjende for sitt tradisjonelle,
men samstundes nytenkande særpreg.
Eg har samla inn ein heil del arkivopptak etter oldefar, som
dannar grunnlaget for denne utgjevinga. Det er allereie gjeve ut
ein del versjonar av nokre av slåttane hans, men mange av dei er
både spelt og forma etter moderne spel, og for det meste i arrangert
samspel.
Hovudmålet mitt med denne utgjevinga er å gjere tilgjengeleg
Sjugurd Garmo sine komposisjonar, med fokus på å lyfte fram det
gamle preget han hadde i spelet sitt og i komposisjonane sine.
Sjølv om fl eire av slåttane er å høyre både på innspelingar og i
konsertsamanheng, er også ein stor del berre å fi nne gjennom
lite tilgjengelege arkivopptak.
Eg ynskjer å gå attende til slik Sjugurd spelte slåttane – både
med tanke på tonalitet, takt og framføring. Eg har handplukka ei
blanding av dei gløymde og utelatne slåttane hans, i tillegg til dei
eg likar aller best.

Sporliste

1. Gjerdingsgjelen
2. Bjøynnalien
3. Orrleiken
4. Budeiun på Lokkarhaug
5. Hovdemillomleiken
6. Bjøynnskarden
7. Hestleitaren
8. Hellbergjen
9. Den fyrste
10. Kvitbergjen
11. Kvernkallen
12. Gammel-Kleppdølen
13. Synasno
14. Bufårvalsen

SKU: TA279V

Strekkode: 7090010523005

Format: Vinyl

Label:Talik

Releasedato: 28.06.2024

Vis alle detaljer