Skip to product information
1 of 1

Tufskrøkjun

Nordavind

Regular price 199,00 NOK
Regular price Sale price 199,00 NOK
Sale Sold out
Taxes included.

Format

CD 199,00 kr

Ordet tufskrøkje blir sagt om ei som ikkje får til noko særleg. Difor er namnet «Tufskrøkjun» eit særdeles lite treffande namn på desse felespelarane frå Vågå, Sel og Lom. Tufskrøkjun er tvert imot svært så dyktige i alt dei gjer, noko denne CD-en til fulle vitnar om!

Kari Grøsland (f. 1977) Ann Kristin Odnes (f. 1975), Synne Grothe

(f. 1975) og Astrid Sulheim (f. 1977) er fire venninner som er dyktige

enkeltvis og som likar å spela saman. Og det har dei til fulle vist

gjennom mange toppresultat frå kappleikar.

Trass sin unge alder har Tufskrøkjun ei lang fartstid. Synne og Ann

Kristin stilte for fyrste gong på Distriktskappleiken på Åndalsnes i

1993, da som duo. Kari vart med like etter. Dei tre samla spelte så

på Distriktskappleiken på Tynset i 1995. Astrid Sulheim kom med i

2013. Fyrste landskappleiken dei var med på var i 1996, i Vågå.

Dei har delteke årvisst sidan. Tufskrøkjun gjekk til topps i Gruppespel

fyrste gongen i 2007. Heile seks gonger har dei vunne Landskappleiken,

deriblant dei tre siste. Dei har òg delteke på Nordisk

meisterskap i Sälen.

Gruppa har spelt mykje til dans – både til dansarar på kappleik

og til dans elles. Dei har vore trufaste deltakarar på Folkemusikktreffen

og Vågåtreffen i mange år og har delteke på ei mengd

konsertar.

Tufskrøkjun spelar mest slåttespel frå Nord-Gudbrandsdalen og

aller helst springleik. Hovudtyngda av repertoaret er frå Vågå og

noko frå Lom. Viktige kjelder for musikken er Jakob Skogum, Pål

Skogum,

Ola Eide, Erling Kjøk, Knut Kjøk, Reidar Skjelkvåle, Hans

H. Holen og Ola Opheim.

Tufskrøkjun er bevisste på å hente fram eldre slåttar, samstundes

som dei evnar å forme dei og tilpasse dei til nyare samspelformer.

I samspelet nyttar Tufskrøkjun «grovt og grant», sekundering og

smakfulle arrangement for å fargeleggje.

Personleg har eg hatt gleda av å ha felespelarane frå Vågå og

Sel med i Vågå Spelmannslag i mange år. Kari og Ann Kristin òg i

Juniorspelmannslaget. Ein skjønte svært tidleg at dette vart dyktige

utøvarar!

Denne CD-en osar av kvalitet på alle vis – så nyt musikken!

/ Trond-Ole Haug

Sporliste

1. Leirdenja (2:47)
2. Nordavind (3:12)
3. Vals Etter Ola Eide (2:32)
4. Lykkjeleik (2:05)
5. Kari Kluften (2:36)
6. Fykerudhallingen Hass Johan Bråtå (2:48)
7. Rosenberger'n (2:52)
8. Søljukolljakup Nr. 2 (3:37)
9. Liljomen (2:19)
10. Valbjørslykkjin (1:54)
11. Hans Holens Minne (4:38)
12. Reinlender Etter Johan Bråtå/Ola Opheim (2:46)
13. Jakob Lom (2:40)
14. Gamel-Eirik-Hallingen (2:59)
15. Storsagje (2:30)
16. Vals Etter Ola Opheim Og Jakob Skogum (2:54)

SKU: TA233

Strekkode: 7090010522565

Format: CD

Label:Talik

Releasedato: 09.04.2021

View full details