Skip to product information
1 of 1

Storm Weather Shanty Choir - Live

Storm Weather Shanty Choir - Live

Regular price 180,00 NOK
Regular price Sale price 180,00 NOK
Sale Sold out
Taxes included.

STORM WEATHER SHANTY CHOIR – LIVE
I 2015 markerte Storm Weather Shanty Choir sitt 15-årsjubileum med ei rekke utselde konsertar i inn- og utland. Mange av konsertane vart lydfesta, og no er høgdepunkta samla på plate. Det seks mann sterke rockekoret frå Stord har bygd seg opp eit rykte som eit av landets sterkaste liveband, og etter å ha høyrt plata Storm Weather Shanty Choir LIVE, skjønar ein kvifor. Her har ein klart å fanga energien, trøkket og galskapen som oppstår når sjømannsrockarane møter sitt publikum. 

Storm Weather Shanty Choir er eit seksmanns rocka sjantikor/band frå Stord beståande av musikarar med bakgrunn frå rock, pop, vise, metal, folkemusikk og, for kredibilitetens skuld, ein forsongar/sjantimann med mastergrad på sjantiar og fleire års fartstid frå SS Statsraad Lehmkuhl. Sjantikoret har halde på i seksten år, og får eit stadig større publikum i inn- og utland som eit resultat av langvarig, målretta arbeid, og ei klar overtyding om at me har noko heilt unikt å tilby både nasjonalt og internasjonalt. Storm Weather Shanty Choir er truleg det mest hardtarbeidande sjantikoret i verda og kan sjå tilbake på over fire hundre konsertar, fem kritikarroste plater (alle med distribusjon gjennom Musikkoperatørene) publikumssuksess og stor respekt i både rocke- og folkemusikkmiljø.

Dei siste åra har populariteten til Storm Weather Shanty Choir blitt merkbart større og berre dei siste fem åra har gjengen gjennomført fem Noregsturnear, to USA-turnear, to Japan-turnear og ei rekke konsertar i Tyskland, Nederland, Sveits, Polen, England, Sverige og Danmark.

View full details
Your cart
Product Product subtotal Quantity Price Product subtotal
Storm Weather Shanty Choir - Live
Storm Weather Shanty Choir - LiveSWP0116
Storm Weather Shanty Choir - LiveSWP0116
180,00 kr/ea
0,00 kr
180,00 kr/ea 0,00 kr