Premiér
Format
Couldn't load pickup availability
Mor, far og pols. Det var mine første ord. På to bein,
med støtte frå stuebordet og med lett og gyngande
svikt i knea, masa eg støtt om å få høyre Borghildpolsen
frå CD-spelaren.
Kvar einaste sommar, frå me var heilt små, fekk eg og
syster mi, Anne, vere med på kappleikar og festivalar,
dansefestar og danseøvingar. Mor og bestemor lærde meg
å danse, far og bestefar lærde meg å spele. Det måtte
gå som det gjorde.
Bestefar inviterte meg kvar veke til lekse- og
torada rkafé. Me rekna matematikk, åt middag, drakk
kaffi og spelte toradar. Seinare fekk eg mitt første
kromatiske trekkspel, og etter to år med iherdig øving
starta eg ved folkemusikklina på Vinstra vgs. Her møtte
eg eit fantastisk miljø med musikksvoltne jamaldringar
frå heile landet. Tom Willy Rustad styrte skuta, og
kursen vart sett mot Norges Musikkhøgskole (NMH).
På NMH var det hardt arbeid, uendelege øvingsøkter
og mykje nytt som skulle lærast. I tillegg til kyndig
rettleiing frå mellom andre Jon Faukstad og Jo Asgeir
Lie, har mine dyktige og kunnskapsrike medstudentar
vore med på inspirere mi utforsking av
folkemusikkverda.
Slåttane du får høyre på denne plata er slåttar eg
har spelt sidan eg var liten, slåttar eg nettopp har
oppdaga, slåttar eg har lært av andre, og slåttar eg
har funne i gamle notebøker. Gamle slåttar og nye
slåttar. Håpar det fell i smak.
Ole
Sporliste
1. Den Faan Spelte I Skjeftåsen (2:20)
2. Abraham Kalder (2:01)
3. Halling Frå Hedmarken (2:11)
4. Tryslingreinlenderen (2:44)
5. Menuett I Eb (3:00)
6. Doktor Bergström (2:24)
7. Lille Ole (3:53)
8. Frostnetter (4:11)
9. Farvel, Banksjefen (2:23)
10. Gauken (1:34)
11. Skottenes Hjemve (4:06)
12. Gilleråsingen (2:49)
13. Polka E. Kåre Busterud (3:00)
14. Koral av Severin Jevnager (2:42)
15. Forspell (0:42)
16. Grovsmed På Ball (3:31)
Share

Mer fra Ole Nilssen
Mer fra Talik
Se alle-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKLangeleik
Olav SnortheimCD
-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKAftenstemning
Camilla Granlien & Kristin SevaldsenCD
-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKEg ser deg
Turid Spildo, Knut Hamre & Johannes MartensCD
-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKNever on a Sunday
Ragnhild FurebottenCD