Bygdatråen
Format
Couldn't load pickup availability
Heilt frå eg var ungdom har kappleikane vore ein viktig møtestad. Her treffer ein eldre og unge spelemenn, der ein utvekslar tankar omkring spel og tradisjonar. Her er eit krydra festliv både dag og natt! Ein kan vandra mellom ulike scenar, å få med seg flott framføring i spel, song og dans. Men kappleikane vert i den store samanheng ein liten del av eit langt spelemannsliv. Likevel knyter denne møteplassen kontaktar som seinare gjennom året fører til større slåtteutveksling.
Folkemusikkmiljøet treng ein arena der det tradisjonelle/solistiske står i sentrum. Kappleikane knyter til seg eit publikum som er viktige lydarar, me treng og interesserte som har kunnskap om denne musikkforma. Som utøvar har det vore inspirerande å stå på scenekanten, av domarane få målt framføringa jamsides med dei andre, og i etterkant få både «ris og ros»! Ein er ikkje alltid like motivert for å deltaka på kappleik, men i etterkant har du ein følelse av å ha gjeve noko frå deg til gleda for publikum. Det er stort og ha fått oppleva mange både lokale- og landskappleikar.
NRK opptaka til denne CD, «Bygdatråen», som er frå kappleikar og konsertar gjennom 60 år (1957–2016) vil syna eit bilete på korleis ein utviklar og forandrar
seg i musikken. For mitt vedkomande var det ingen organisert opplæring i starten, du måtte oppsøkja eldre spelemenn for å læra slåttar og få kunnskap. Det som betydde mest for meg i ungdomstida var samhaldet med jamaldringane og spelemennene Kjell Midttun (1935–1986) og Olav Selland (1939–2004).
/Leif Rygg
Sporliste
1. Annonsering Ved Leif Rygg (0:46)
2. Bygdatråen (2:56)
3. Urheimen (2:08)
4. Gjelsviken (3:18)
5. Vossabruræ (3:06)
6. Ungkoneslåtten (3:59)
7. Sumarkveld I Jotunheimen (3:02)
8. Lofthusen (2:43)
9. Nordfjordingen (3:48)
10. Sumarmorgon (2:29)
11. Myllargutens Minne (3:52)
12. Jørnvrenja (2:48)
13. Storeslåtten (2:11)
14. Apalhagen (3:41)
15. Bjølleslåtten (2:21)
16. Hildalen (3:19)
17. Mulen (2:33)
18. Personvrita / Gullfakse (3:49)
19. Annonsering Ved Leif Rygg (0:28)
20. Sandsdalen (3:11)
21. Lengt (4:17)
22. Budeiene På Vikafjell (4:37)
Share

Mer fra Leif Rygg
Mer fra Talik
Se alle-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKLangeleik
Olav SnortheimCD
-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKAftenstemning
Camilla Granlien & Kristin SevaldsenCD
-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKEg ser deg
Turid Spildo, Knut Hamre & Johannes MartensCD
-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKNever on a Sunday
Ragnhild FurebottenCD