Skip to product information
1 of 1

Ingrid Lingaas Fossum

Eit halvt tusenår

Regular price 369,00 NOK
Regular price Sale price 369,00 NOK
Sale Sold out
Taxes included.

Format

Vinyl 369,00 kr

Ingrid Lingaas Fossum har spelt inn si første soloplate, Eit halvt tusenår, på heile tolv gamle langeleikar! Den eldste av dei, Hasvoldseterleiken, er 500 år gamal i år. Vi får høyre ein stor variasjon av ulike klangar og tonalitetar, og kan dykke ned i verda til kvart instrument. Ingrid har i lag med instrumentmakar Oddrun Hegge reist rundt og undersøkt langeleikar frå ulike område i Noreg. Dei har funne fram til tolv eldre instrument, frå Valdres, Telemark, Gudbrandsdalen, Hallingdal og Gjøvik – pluss ein kopi av ein eldre langeleik frå Ulvik. Ingrid har brukt lang tid på å bli kjend med og forstå kvart instrument, og speler ein stor variasjon av låttemateriale frå ulike område. Fokuset har vore å bli kjend med kvar langeleik slik han er – med sine ulydar og utfordringar, men òg med sin unike klang og tonalitet. Der det finst opptak, har ho forsøkt å ta med seg noko av spelestilen til kvar kjelde – utan mål om å kopiere dei heilt.

Det følgjer eit detaljert teksthefte med plata, der ein kan sjå og lesa om kvart instrument ein høyrer, og det Ingrid har funne av informasjon om repertoar og utøvarar knytt til instrumenta. I fysisk form blir plata gjeven ut på vinyl – eit lydformat som kler instrumentet og klangane ekstra godt. På grunn av at det er mindre plass på vinyl, er det nokon fleire kutt på den digitale versjonen.

Sporliste

Side A:
1. SÆTERLÅT og HALLING ETTER AMALIE HASVOLDSETER
Langeleik etter Petter Hasvoldseter (1928–2012)
2. DEN STORE GRÅ BUKKEN
Langeleik etter Lina Holte (1891–1970)
Langeleik etter Anne Milly Teksle (f. 1942)
3. SPEL-SISSEL
Langeleik etter Rønnaug Tostensdotter Dalseg (1807–1880)
4. BESSLEIKEN og SKRINDJENTA
Langeleik etter Rønnaug Tostensdotter Dalseg (1807–1880)
5. SPRINGAR ETTER ANDERS KJERLAND
Langeleik etter Olav H. Hauge (1908–1994)
6. HULDRESLÅTT
Langeleik etter Olav H. Hauge (1908–1994)
7. TOLVTALSVISA
Langeleik etter Andres Lauvås (1840–1922)
Side B:
1. SPRINGAR ETTER GREGAR NORDBØ
Langeleik etter Anne Milly Teksle (f. 1942)
2. FUGLEHAUGEN og RANGDI RØLLÅNG
Langeleik etter Olav Andreas Hauge (1904–2002)
3. HAN HALLGRIM GJERE ME SKO, HAN
Langeleik etter Johannes Halden (1844–1936)
4. THOMASKLUKKELÅTTEN
Langeleik etter Gjartrud Bøiesdotter Myhre (1850–1939)
5. KNUD NORDLANDS VALS
Langeleik etter Marit Leine (1818–1903)
6. REINLENDER ETTER THORVALD STORELI
Langeleik etter Mikkel O. Storeli (1883–1975)
7. SPRINGAR ETTER ANNE WINDINGSTAD
Langeleik etter Anne Windingstad (1847–1932)
8. VA DET ‘KJE DU SOM LEIKA MED GURO og FØRNESBRUNEN
Langeleik etter Andres Lauvås (1840–1922)

SKU: TA287

Strekkode: 7090010523067

Format: Vinyl

Label:Talik

Releasedato: 22.11.2024

View full details