Skip to product information
1 of 1

Gunleik Bondal & Sigurd Frogner

Kappleiksspel frå Telemark og Numedal

Regular price 199,00 NOK
Regular price Sale price 199,00 NOK
Sale Sold out
Taxes included.

Format

CD 199,00 kr

Gunleik Bondal og Sigurd Frogner er to sentrale utøvarar i hardingfeletradisjonen i Telemark og Numedal. Plateselskapet ta:lik kjem no med ei plate med suverent gode opptak med desse to spelemennene, gjort i hovudsak på 60- og 70-talet.

Gunleik vaks opp i Tuddal i Telemark, og lærde der spel av Olav Løndal og Einar Løndal. Seinare har han lærd også av Hølje Wårstulen. Gunleik deltok på mange kappleikar, mellom anna fire landskappleikar, og spela seg opp i klasse A i 1967 i Porsgrunn. I 1967 gifta han seg med Tordis Dalen frå Svene i Numedal og flytte dit. Dei fekk tre born. Gunleik er byggmeister og har hatt sitt eige byggjefirma i 30 år. Dessverre fekk spelemannslivet ein brå slutt i 1972, då han øydela ein finger på venstre handa si. Det var eit stor sakn å måtte leggje vekk fela.

Sigurd er pensjonert banksjef og bonde. I tillegg har han vore ein svært aktiv spelemann med mange oppdrag både her heime og utanlands. Viktigaste læremeisteren var Steingrim Haukjem (1897-1968) frå Veggli. I periodar budde læremeisteren fleire veker i strekk heime hjå eleven for å lære frå seg slåttespel. Særleg åra 1959-60 var Sigurd svært mykje saman med Steingrim og dei reiste ofte på kappleikar rundt om på Austlandet. Gjennom Steingrim fekk Sigurd tradisjonsspel som kan førast attende til forpaktarspelemennene på 1700-talet, så langt attende det er skrive spelemannshistorie i Numedal. Leif Aasane frå Kongsberg har og betydd mykje for Sigurd, både som inspirasjon og slåttekjelde. Men han vitja også spelemenn som Hellik A. Juveli i Flesberg, Halvor og Jon Kåsin i Nore, og har bytt slåttar og spelt saman med mest alle spelemenn i Numedal opp gjennom åra. Spesielt må nemnast Asbjørn Bratås, Arne Olsen, Øystein Ellefsen og Olav Strømmen.

Sporliste

1. Markensmåndagen, Springar (3:17)
2. Suldølen, Gangar (2:33)
3. Bøheringen, Springar (3:56)
4. Brynjulf Olsson, Gangar (3:57)
5. Fykerud'n, Springar (3:22)
6. Ligangaren (1:44)
7. Bokkoen, Springar (3:42)
8. Skuldalsbruri, Gangar (3:01)
9. Rjukanfossen, Springar (4:13)
10. Tukthusen, Springar (3:12)
11. Smågutslåtten, Springar (2:25)
12. Heggtveiten, Gangar (3:12)
13. Gangar Etter Jon Kjos (3:18)
14. Kvennaslåtten, Springar (3:36)
15. Tangeslåtten, «Løytnantsdrengen», Springar (2:50)
16. Tråen-mann, Springar (2:02)
17. Torstein Bromsdalen, Halling (2:26)
18. Ola Skeimaker, Springar (1:54)
19. Rjukanfossen, Springar (4:06)
20. Gangar Etter Luråsen (1:56)
21. Flesbergingen, Springar (3:04)
22. Vegglijenta, Springar (2:36)
23. Sinderoen, Gangar (2:02)
24. Bekkjinguten, Gangar (2:54)
25. Raudstakken, Springar (2:45)
26. Gudvangen, Gangar (1:42)

SKU: TA80

Strekkode: 7090010520707

Format: CD

Label:Talik

Releasedato: 03.05.2010

View full details