Stien eg fann
Format
Couldn't load pickup availability
«Sjå! Det huset har eg vore med og sett i stand!», får eg ofte høyre frå handverkarar. «Høyr! Desse tonane har eg vore med og forma», kan eg med denne plata seie som musikar.
Her er eit utvalg av repertoaret som har fulgt meg på konsertscener dei siste åra, saman med musikarar eg har samarbeidd lenge med. Du får høyre folketonar frå Nordmøre og Romsdal, stubbar og viser frå Os i Østerdalen og Røros, samt tre eigenskrivne songar som er mitt uttrykk i dag. Med meg har eg musikarane Øystein Sandbukt, Erik Oddmund Fostervoll og Marit Aspås.
Folkemusikken var opprinneleg bruksmusikk. Om det var for å bysse barnet i søvn, underhalde, gje håp eller danse, fantes det alltid ein song. Her er nokre av tekstene og musikken eg fann. Håpar det fell i smak!
------------------
Gro er fødd 1973, frå Angvik på Nordmøre, busett i Os i Østerdalen sidan 2003. Jobbar som frilans folkemusikar i tillegg til å ha deltidstilling som musikkpedagog ved Os kulturskole.
Ho er utdanna folkemusikar/musikkpedagog ved Høgskulen i Telemark og Norges Musikkhøgskole. Her hadde ho songlærarar som Sondre Bratland, Kirsten Bråten Berg, Ragnhild Furholt og Berit Opheim.
I 2004 og 2012 vann ho vokal klasse A under Landskappleiken, og er godt forankra i folkemusikkmiljøet.
Sporliste
1. Tona (2:22)
2. Naboens Gyngestol (4:04)
3. Stien Eg Fann (2:30)
4. Sull Lull (2:37)
5. Herre Gud, Ditt Dyre Navn Og Ære (1:39)
6. Kråkevisa (3:15)
7. Litj-Pelle (1:35)
8. Vuggevise (3:01)
9. Vær Trøstig, Mitt Hjerte (3:34)
10. Stille Stille (3:48)
11. Till Till Tove (1:21)
12. Hyrdinna (3:27)
13. Heimbygda (2:55)
Share

Mer fra Gro Kjelleberg Solli
Mer fra Talik
Se alle-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKLangeleik
Olav SnortheimCD
-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKAftenstemning
Camilla Granlien & Kristin SevaldsenCD
-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKEg ser deg
Turid Spildo, Knut Hamre & Johannes MartensCD
-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKNever on a Sunday
Ragnhild FurebottenCD