Slåttespel frå Fron og Gausdal
Format
Couldn't load pickup availability
Denne CD-en inneheld opptak med spelmenn frå Frons bygdene og to
opptak med spelmannen Kolbjørn Kleva frå Gausdal. I arkiva er det mangel
på fleire innspelingar med soloutøvarar sør i Gudbrandsdalen.
Etter
krigen vart det skipa fleire spelmannslag i dette området, Skåbu spelemannslag
i 1958, Vinstra (1961), Ringebu (1963), Fron (1964),
Lillehammer (1967), Gausdal (1977) og Vardkampen spelmannslag
(1986) med utøvarar i hovudsak frå Tretten-Øyer. Det var spelmannslag i
Kvam ei tid også. Dette vitnar om rike musikalske tradisjonar. I 2018 er
aktiviteten redusert i fleire av desse laga, men nye har kome til. I 2018
er Sør-Fron spelemannslag og Mukampen spelemannslag mellom landets
fremste med mange solospelmenn. Det var likevel slik at rekrutteringa
minka etter krigen, da posisjonen og prestisjen til denne musikkforma
i området var fallande. Samfunnet var i sterk endring. Men
folkemusikken i bygdene levde, sjølv om han ikkje var så synleg for eit
stort publikum.
I 1992 vart det etablert eit folkemusikkarkiv på Hundorp etter mange
år med systematisk innsamlingsarbeid. Landslina i folkemusikk vart
flytta til Vinstra vidaregåande skule i 1998.
Spora etter spelmenn går attende til 1700-talet i denne delen av
Gudbrandsdalen. Den landskjente trekkspelaren Oddvar Nygaard (1919–
1985) frå Sør-Fron brukte noko av denne musikken i kvartetten sin frå
1964. 1970-talet vart også ei oppvakningstid for folkemusikken i området.
Rekrutteringa kom med eit idealistisk opplærings- og innsamlingsarbeid.
Brorparten av opptaka som ligg til grunn for denne CD-plata, vart
gjort på 1970- og 1980-talet, nokre så tidleg som i 1931 med Pål og
Ivar Kluften. Opptaka med brørne Redvald og Hjalmar Fjellhammer frå
Sør-Fron, «Dokkakarane», er dei beste og rikaste. Det gamle stoffet var
der.
Sporliste
1. Springdans Etter Amund Grisibu (1:26)
2. Frybrufossen Av Jonas Johansen, Sakte Halling (1:15)
3. Springdans Etter Pål Kluften (2:21)
4. Galopp Etter Hans Myhre (1:26)
5. Bråtåseterhallingen (1:38)
6. Stortuspen, Springdans (1:27)
7. Gamelkøyllin, Springdans (1:27)
8. Masurka Etter Amund Grisibu (1:39)
9. Vals Etter Jehans Knuta (1:27)
10. Vals (2:04)
11. Reinlender (1:45)
12. Gamelkjerringvalsen (1:42)
13. Reinlender (2:27)
14. Vetl-Immertleiken, Springdans (1:06)
15. Fiskefuglleiken, Vals (2:53)
16. Galopp Etter Hans Myhre (1:47)
17. Masurka (2:32)
18. Springdans (1:06)
19. Intervju Med Torger Iverstugun (2:27)
20. Aase Fantemor (0:43)
21. Storhallingen Hass Fant-Karl (2:09)
22. Busevals (2:19)
23. Lydarslått Av Arne Risdal (2:59)
24. Kyrkjevalsen (1:18)
25. Hirisjøvalsen Av Anton Amundgard (3:09)
26. Reinlender Etter Redvald Fjellhammer (2:45)
27. Skotthallingen (1:19)
28. Springdans Etter Even Nordlistugun (1:26)
29. Springdans Etter Even Nordlistugun (2:18)
30. Vals Etter Jehans Knuta (1:37)
31. Springdans (1:28)
32. Springdans Etter Amund Grisibu (1:08)
33. Springdans Etter Amund Grisibu (2:00)
34. Masurka Etter Jehans Knuta (1:20)
35. Birimasurkaen (1:41)
36. Da Gammel-Erik Bar Mor Si Over Elva, Springdans (1:53)
37. Vals (2:11)
38. Galopp Etter Hans Myhre (2:12)
39. Springdans Etter Even Nordlistugun (2:03)
40. Masurka Etter Even Nordlistugun (2:04)
41. Reinlender Etter Jehans Knuta (1:38)
Share

Mer fra Diverse artister
Mer fra Talik
Se alle-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKLangeleik
Olav SnortheimCD
-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKAftenstemning
Camilla Granlien & Kristin SevaldsenCD
-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKEg ser deg
Turid Spildo, Knut Hamre & Johannes MartensCD
-
Regular price 199,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 199,00 NOKNever on a Sunday
Ragnhild FurebottenCD