Skip to product information
1 of 1

Buster Sledge

Call Home

Regular price 319,00 NOK
Regular price Sale price 319,00 NOK
Sale Sold out
Taxes included.

Format

Vinyl 319,00 kr

Den oslobaserte amerikansk-norske trioen Buster Sledge slepp 27. mai sitt første studioalbum, Call Home. Dette er oppfølgjaren til albumet Spirit, som bandet sjølv produserte og gav ut i 2020.

I Buster Sledge er det fele, banjo, gitar og tre songstemmer som ber historiene fram langs eit orkestralt bakteppe forankra i akustiske musikktradisjonar frå USA. Hovudvokalist og låtskrivar, Michael Barrett Donovan, kjem frå Nord-California, og let personleg erfaring smelte saman med arketypar frå folk- og countrymusikken. Slik vert nytt liv blåst inn i velkjende songstrukturar. Gjennom Call Home sine elleve spor, løftar Buster Sledge på hatten til artistar som Norman Blake, Punch Brothers, Tim O'Brien og John Hartford.

Trioen var første band ut i Sjur Lyseid (Little Hands of Asphalt) sitt nyopna Globus Studio. Lyseid har leia bandet inn i eit noko utvida akustisk lydlandskap der arrangementa er meir straumlinjeforma – som igjen står i kledeleg samspel til William Hay sitt omslagsbilete der breie penselstrøk i impresjonistiske fargar viser ein einsleg ryttar som skodar ut over ein stor elvedal.

Banjospelar Mikael Jonassen frå Bodø, er den første i Noreg som har tatt høgare utdanning på dette instrumentet. Sjølv om det heile byrja med ein elektrisk banjo og fusion-jazz, fordjuper han seg for tida i akustisk banjo i Scruggs-stil via spelet til Béla Fleck. Han har tatt fleire turar til USA for å lære av meistrane der. Jakob Folke Ossum, jazzgitaristen som blei flat-picking aficionado, oppdaga lyden av akustisk plekterbruk gjennom Tony Rice og Bryan Sutton og studerte plater og videoar nøye for å lære seg teknikken. Felespelar Michael Barrett Donovan levde som musikar i New York City og tok ein mastergrad i klassisk komposisjon medan han turnerte med eit Grateful Dead-hyllestband. Dei tre møttest i eit kommentarfelt på eit bluegrass-forum etter at Donovan hadde flytta til Noreg i 2019. Resten av historia må du spørje dei om på ein konsert ein gong i framtida. Buster Sledge har stått på mange små og store scenar i Sør-Noreg – ikkje la sjansen gå frå deg neste gong dei tar turen til dine trakter!

Sporliste

1. The Wind (3:24)
2. Mountain Jesus (3:03)
3. Raindrops (3:34)
4. Other Side (4:26)
5. Man Eaten Lake (3:38)
6. I Love This Road (4:02)
7. Call Home (4:21)
8. Faraway Blues (2:25)
9. Sleepwalk (4:51)
10. Dead Leaves (3:37)
11. The Rain (3:42)

SKU: HO7386

Strekkode: 7033661073864

Format: Vinyl

Label:Heilo

Releasedato: 27.05.2022

View full details