Helgasong
Format
Couldn't load pickup availability
Albumet Helgasong er ei revitalisering av religiøse folketonar frå Voss, Hardanger, Eksingedalen og Øygarden. Jolesalmar som har vore sunge i Noreg i fleire hundre år, her i lokale variantar og nye arrangement. Den eldre songtradisjonen ligg i bakgrunnen, ei einsleg stemme som syng for seg sjølv, og samsong i gamle stover. Salmetekstar som har betydd mykje for mange og som difor framleis finst. "I djupaste mørker vart himmelen klår", slik byrjar andre verset på "No koma Guds englar med helsing i sky" av Elias Blix. Advents - og Jolesalmar som fortel oss om at ljoset vert fødd på nytt kvar advent og Jol, ved Vintersolkverv når det er som mørkast i nord. Berit Opheim fortel:
- Bakgrunnshistoria er eit ynskje om lyfte fram og dela lokale folketonar på jolesalmar som ein del av songtradisjonen i Noreg. Me har funne fleire folketonar i eldre notenedskrifter dei siste par åra, m.a. nedskrifter av Olav Sande. Vakre melodiar som er ein fryd å synga og ein fryd å lyfta fram i nye arrangement.
Nokre av folketonane har ikkje vore brukte på mange tiår og det er difor ei ekstra stor glede å lyfte dei fram or dvalen. Besetjinga består av Irene Tillung, akkordeon, Mats Eilertsen, kontrabass, Nils Økland, feler, Tore Brunborg, saxofon og Berit Opheim, vokal. Alle arrangementa er utarbeida av musikarane i fellesskap, og innspelinga vart gjort i august 2024 i Raundalskyrkja på Voss. Opheim held fram med å fortelje:
- Innspelinga var ein veldig god prosess, gode dagar og lun atmosfære i eit rom med varm akustikk, i trekyrkja i Raundalen på Voss. Instrumenteringa er valt ut frå kva uttrykk me ynskjer i dei ulike songane, og for å få variasjon på albumet. Arrangeringa er nokså felles heile vegen, arrangementa er mykje improvisert fram.
Spelferda for Helgasong byrjar 15.desember i Ål kyrkje, deretter Kabuso, Øystese 16.12., Mariakirken, Bergen 17.12., Vangskyrkja, Voss, 18.12. og 19.12. konsert både i Eksingedalen kyrkje og Dale kyrkje.
Berit Opheim vil setje fokus på hovudbodskapen og avsluttar:
-Uavhengig av kva ein trur på, legg i tekstane, eller kva ein likar, er det mange som kjenner på fellesskap og samhøyrigheit når jolesalmar blir framførde, og når ein er med og syng sjølv. Song skapar ofte eit sterkt fellesskap. Me har eit ynskje om å formidla nærleiken i desse salmane som har vore svært viktig for mange menneske i fleire hundre år. Nært, sårt, storslått, glede og ljos, salmane inneheld alt dette, og "song er dobbelt bøn". Me håpar det kan bidra til å finna ro og kvile i ei svært uroleg verd.
Sporliste
1. No koma Guds englar
2. Den fagraste rosa er funni
3. I denne søte juletid
4. Oppå land
5. Eg er so glad kvar jolekveld
6. Fager er jordi
7. Fryd dig du Kristi brud
8. Her det ny som på jorderig skjedte
9. Eit barn er født i Betlehem
10. Dei to systrena
11. Fra himlen høyt
Share

Mer fra Berit Opheim
Mer fra Heilo
Se alle-
Regular price 299,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 299,00 NOKIngen Mere Gråter
ÆvestadenVinyl
-
Regular price 389,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 389,00 NOKNorwegian Electronic Folk Music
Kenneth Lien og Center of the UniverseVinyl
-
Regular price 419,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 419,00 NOKSnu hver stein
Kenneth Lien & Center of the UniverseVinyl
-
Regular price 419,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 419,00 NOKRundsnurrknurr
Hulbækmo & Jacobsen FamilieorkesterVinyl
Aktuelle juleplater
Se alle-
Regular price 229,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 229,00 NOKIt's Snowing On My Piano
Bugge WesseltoftCD
-
Regular price 389,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 389,00 NOKI Heard the Bells on Christmas Day
Paal FlaataVinyl
-
Regular price 319,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 319,00 NOKJulemesse – Missa in nativitate Domini
Sølvguttene, Bødtker & Kåre NordstogaSACD
-
Regular price 189,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 189,00 NOKChristmas Island
Paal FlaataCD
-
Regular price 129,00 NOKRegular priceUnit price / per
Sale price 129,00 NOKStjerna som brenn
Lewi BergrudEP · CD