{"product_id":"solfrid-gjeldokk-espen-wensaas-johan-hedin-lars-inge-tverberg-solhov","title":"Solfrid Gjeldokk, Espen Wensaas, Johan Hedin \u0026 Lars Inge Tverberg - Solhov","description":"\u003cp\u003eSolfrid Nestegard Gjeldokk og Espen Wensaas kjem med sitt fyrste felles plateprosjekt. Resultatet av dette samarbeidet er ei mollstemt juleplate, og med seg på laget har dei organist Lars Inge Tverberg (tråorgel) og den svenske folkemusikaren Johan Hedin (nøkkelharpe). Låtane på denne plata har vinter, jul, kveldstid og mørketid som tema, og inkluderer både salmer, religiøse folketoner og andre folkesongar. Tittelen for plata, Solhov, er eit anna ord for vintersolkverv, og speglar godt tematikken på plata. Midtvintertida er ei tid med både lys og mørke, men jula har ikkje berre vore ei tid for fest. Til denne tida på året er det også knytt mykje overtru, både av heidensk og kristeleg opphav. Frå gamalt av var natta mellom juleftan og fyrste juledag ei av dei farlegaste nettene i året, og folk gjorde mykje for å verne seg mot mørke krefter. Men, dette er også ei tid på året der sola snur, og mørkeret blir til ljos. Solhòv og vintersolkverv kan både vera eit teikn på at vinter blir til vår og på at det finnast lys i mørkeret. For, som diktarpresten Anders Hovden ei gong har skrive: «Etter den lengste, den svartaste natt, kjem der ei vending med solhòv radt.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e01. Fra fjord og fjære\u003cbr\u003e02. Eit barn er født i Betlehem I\u003cbr\u003e03. Den fagraste rosa\u003cbr\u003e04. Me skal bryggje til jul\u003cbr\u003e05. Kling no klokka\u003cbr\u003e06. Guds godhet vil vi prise\u003cbr\u003e07. No soli gjeng ned\u003cbr\u003e08. Haugebonden\u003cbr\u003e09. Eit barn er født i Betlehem II\u003cbr\u003e10. Den lyse dag går under\u003cbr\u003e11. Så vil vi nu sige hverandre farvel\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":67741699113054,"sku":"TA273","price":189.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA273.jpg?v=1792066205","url":"https:\/\/emmo.no\/products\/solfrid-gjeldokk-espen-wensaas-johan-hedin-lars-inge-tverberg-solhov","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}