{"product_id":"ole-olsen-fykse-religiose-folketoner-cd","title":"Ole Olsen Fykse - Religiøse folketoner","description":"\u003cp\u003eOle Olsen Fykse (1879-1963) var ein grunnleggjar av amatørmusikklivet i Hardanger og ein pioner med å ta vare på den særmerkte religiøse folkesongen i fjorden. I år er det mellom anna 100 år sidan han starta opp Hardanger hornmusikklag, som i dag heiter Norheimsund Musikklag. Samstundes vert songen hans utgjeven på cd, fortel fylkesmusikar Reidun Horvei.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eOle Olsen Fykse var fødd 12. juli i 1879 i »Nyastovo« på garden Fykse, Søndre tun i Kvam ved Hardangerfjorden. Vegen er smal til Fyksegrenda og terrenget brattlent og er ikkje så lett å få auga på når ein køyrer Rv7 langs fjorden frå Ålvik mot Øystese. Ein må vita kvar ein skal. Eit lite vegskilt viser veg til Klyve. Oppover går det i krappe svingar og snart viser Fyksegardane seg fram. Grenda har både skule og ungdomshus, og i dag kan ein òg få tinga seg tradisjonskost i eit framifrå vertshus.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eI si tid gjekk det største steinskredet etter istida gjennom Fykse og på bøane ligg store steinblokker som minnesmerke. Her vaks Ole Olsen Fykse opp. Foreldra, Marita f. Sjursdotter Klyve (1856-1939) og Ole Olavson Fykse (1856-1925) fekk tre born. Ole var eldst, og jordagut, men overlot gardsdrifta til bror sin Sjur som som var fire år yngre. Likefullt budde Ole på garden i »Nyastovo« og arbeidde der det meste av sitt liv.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eOle Olsen Fykse var svært musikalsk gåverik og folkesongen fekk han inn med morsmjølka då den første læremeisteren hans mora Marita, eller »Malla« i dagleg tale, song for han. Dei\u003c\/p\u003e\u003cp\u003efleste folketonane han sat inne med hadde han etter henne. Etter folkeskulen på Fykse gjekk han på Framhaldskulen i Norheimsund (1895-1896). Sidan bar det avgarde til Bergen der han\u003c\/p\u003e\u003cp\u003egjekk på musikklina ved underoffiser-skulen og spelte nokre år i divisjonsmusikken. Musikken skulle verta hans store interesse.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Til Deg Alene, Herre Krist (2:13)\u003cbr\u003e2. Guds Godhed Vil Vi Prise (1:58)\u003cbr\u003e3. Herre Jesus Krist! Min Frelser Du Est (1:28)\u003cbr\u003e4. Gaa Nu Hen Og Grav Min Grav! (1:32)\u003cbr\u003e5. Mig Hjertelig Nu Lenges (0:52)\u003cbr\u003e6. Min Sjel Og Aand, Opmuntre Dig (0:59)\u003cbr\u003e7. Fra Himlen Høyt Jeg Kommer Her (1:40)\u003cbr\u003e8. Fryd Dig Du Kristi Brud (2:11)\u003cbr\u003e9. Jesus Er Mitt Håp Og Trøst (1:45)\u003cbr\u003e10. I Jesu Navn Skal All Vår Gjerning Skje (2:40)\u003cbr\u003e11. På Gud Alene (1:48)\u003cbr\u003e12. Vær Nu Glad Og Vel Til Mode (2:02)\u003cbr\u003e13. Kom Helligaand Med Skaber-Magt (1:40)\u003cbr\u003e14. Den Herre Krist I Dødens Baand (1:56)\u003cbr\u003e15. Guds Søn Er Kommen Til Os Ned (1:55)\u003cbr\u003e16. Mitt Haab Og Trøst Og All Tillid (2:22)\u003cbr\u003e17. Synge Vi Av Hjertens Grunn (1:52)\u003cbr\u003e18. O Fader Vår I Himmerig (1:48)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68089122259038,"sku":"TA37","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/5135075_4936805.jpg?v=1795507444","url":"https:\/\/emmo.no\/products\/ole-olsen-fykse-religiose-folketoner-cd","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}