{"product_id":"ole-nilssen-bjorn-kare-odde-hand-cd","title":"Ole Nilssen \u0026 Bjørn Kåre Odde - Hand","description":"\u003cp\u003eDansemusikken har vandra frå hand til hand gjennom fleire hundre år, og hendene vi brukar i dag kviler på ein lang dansetradisjon på Hedmarken.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eBjørn Kåre Odde og Ole Nilssen er to av landets beste folkemusikarar. Dei har lete seg inspirere av den musikalske brytninga mellom folkemusikk og klassisk musikk.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eDansemusikken har vandra frå hand til hand gjennom fleire hundre år, og hendene vi brukar i dag kviler på ein lang dansetradisjon på Hedmarken. Både dei store ballmusikarane og komponistane på storgardane og dei einslege felespelemenn i dei små stover har gjeve oss eit godt slåttemateriale og sterke impulsar. Vi er dei evig takksame. Dei to legg stor vekt på danseaspektet framfor konsertformatet når dei spelar denne musikken, og har sjølv brukt repertoaret mykje til dansespel.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eVi vil servere eit knippe slåttar av beste merke – overlevert frå hand til hand gjennom generasjonar!\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eVår visjon er at du skal kunne setta på plata, setja deg i godstolen og lytte, men og at dansefoten skal dirre såpass at du må opp på stovegolvet å ta deg ein svingom, seier Ole, som sjølv er fleire gonger noregsmeister i dans.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Reinlender I F (2:39)\u003cbr\u003e2. Bjørn Blakkens Vals (3:00)\u003cbr\u003e3. Feiringpolka (3:19)\u003cbr\u003e4. Masurka Frå Sæter På Ring (2:22)\u003cbr\u003e5. Den Ubemerkte (2:40)\u003cbr\u003e6. Rosa Polka (2:49)\u003cbr\u003e7. Lene (3:38)\u003cbr\u003e8. Vals (2:29)\u003cbr\u003e9. Masurka (2:34)\u003cbr\u003e10. Hjemreisen Fra Christiania (3:34)\u003cbr\u003e11. Fornesvalsen (3:41)\u003cbr\u003e12. Reinlender I G (2:40)\u003cbr\u003e13. Polkamasurka (1:50)\u003cbr\u003e14. Min Siste Vals (3:56)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68081122050142,"sku":"TA206","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA206.jpg?v=1795445342","url":"https:\/\/emmo.no\/products\/ole-nilssen-bjorn-kare-odde-hand-cd","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}