{"product_id":"olav-moe-soga-om-olav-moe-bok","title":"Olav Moe - Soga om Olav Moe","description":"\u003cp\u003eBOK (500 sider med cd)\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eOlav Moe (1872–1967) levde eit liv som strekte seg over nær heile det\u003cbr\u003emoderne Noregs historie. Frå oppveksten på eit småbruk i Valdres steig\u003cbr\u003ehan fram som spelemann, folketalar, avisredaktør og stortingsmann – ein\u003cbr\u003esentral aktør i politikk, kultur- og organisasjonsliv både lokalt og nasjonalt.\u003cbr\u003eSom hardingfelespelemann reiste han landet rundt og langt utanfor\u003cbr\u003eNoregs grenser, med ei tydeleg overtyding om at folkemusikken var ein\u003cbr\u003eberebjelke i nasjonsbygginga. Samstundes stod han midt i dei politiske\u003cbr\u003ebrytingane i mellomkrigstida, frå radikal venstrepolitikk til seinare nasjonal\u003cbr\u003ekonservatisme.\u003cbr\u003eDette er historia om ei motkulturell klassereise og om eit menneske\u003cbr\u003esom vigde livet sitt til ei større sak, men som òg opplevde djupe personlege\u003cbr\u003etap. Soga om Olav Moe teiknar eit rikt og samansett portrett av ein av\u003cbr\u003edei mest markante skikkelsane i norsk folkemusikkhistorie.\u003cbr\u003eForfattar Kjellbjørn Karsrud (f. 1986) er oppvaksen på Leira i Valdres og spelar hardingfele\u003cbr\u003eblant anna i tradisjon etter Olav Moe. Han har tidlegare gjeve ut\u003cbr\u003e«Soga om spelemannen Ola G. Okshovd» (2021), og arbeider elles som\u003cbr\u003eredaktør i magasinet Folkemusikk.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e1.Rotneims-Knut (a.d.a.e.). 1937. \u003cbr\u003e2.Gangar (a.d.a.e.). 1937. \u003cbr\u003e3.Gangar (a.d.a.e.). 1937.  \u003cbr\u003e4.Moghusen (a.d.a.e.). 1937. \u003cbr\u003e5.Bondevals (a.d.a.e.). 1946. \u003cbr\u003e6.Brureslått (a.d.a.e.). 1946. \u003cbr\u003e7.Springar etter Ola på Hamrisbrøto (a.d.a.e.). 1946. \u003cbr\u003e8.Seterliv (a.d.a.e). 1946 \u003cbr\u003e9.Vårstemning (a.d.a.e.). 1946 \u003cbr\u003e10.Spelemannsprøva (a.d.a.e.). 1953. \u003cbr\u003e11.Hilmerengja (g.d.a.e.) 1953.\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68080164896862,"sku":"TA292","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA292.jpg?v=1795441884","url":"https:\/\/emmo.no\/products\/olav-moe-soga-om-olav-moe-bok","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}