{"product_id":"olaf-bergland-slattespel-fra-seljordshei-cd","title":"Olaf Bergland - Slåttespel frå Seljordshei","description":"\u003cp\u003e- Han levde eit liv i tenest for hardingfelespelet og bygdedansen. Så langt vart det ikkje, men det var eit liv med mykje glede og utfalding. Og fela var alltid med. Spelast skulle det, alle stader, ikkje minst til dans: Olaf Bergland var ein uvanleg høgt skatta dansespelemann. -\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eOlaf Bergland (1914–1971)\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eav Stein Versto\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eHan står i ei ættelinje med spelemenn på rekke og rad, med utøvarar på hardingfele gjennom eit langt tidsspenn, nokre av dei retteleg gode.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eSpelemenn gjennom to hundre år\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eHan var fødd 8. september 1914, som nest yngste i ein syskenflokk på åtte, og voks opp på plassen Bergland på Seljordshei. Foreldra var Knut Aslakson Kleivan (1878–1968, seinare Bergland) og Dagne, fødd Heggtveit (1874–1959). Bestefaren Aslak Kleivan (1840–1910) var ein framifrå dansespelemann og mykje bruka både i bryllaup, på auksjonar og tilstellingar elles, ikkje minst på den store og vidgjetne Åmyrmarken på Rauland. Det finst enno nokre få slåttar, formfaste og rytmiske, gode til dans, etter han. Morbror til Aslak Kleivan var Olav Bergsland (1821–1901), som var så mykje med Myllarguten og spela, og fylgde han på dei mange turane til Vestlandet, særleg Hardanger. Den store utvekslinga av spel og slåttar mellom Hardanger og Telemark er ikkje minst desse to å takke, og det har vore hevda at Olav Bergsland lærde frå seg fleire slåttar i Hardanger enn Myllaren. Og båe tok med seg spel frå Hardanger til Telemark. Olav Bergsland skal ha vore ein framifrå spelemann.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Frå Morgon Til Kveld, Springar (2:09)\u003cbr\u003e2. Fossegrimen, Gangar (2:14)\u003cbr\u003e3. Hildalen, Gangar (3:05)\u003cbr\u003e4. Springar Etter Sandsdalen (2:33)\u003cbr\u003e5. Vårlengt, Etter Lars Fykerud, Gangar (2:38)\u003cbr\u003e6. Naparen, Springar (2:21)\u003cbr\u003e7. Geitehytten, Springar (1:59)\u003cbr\u003e8. Rotnheims-Knut, Gangar (1:40)\u003cbr\u003e9. Nordfjorden, Springar (1:27)\u003cbr\u003e10. Torstein Brunsdalen, Gangar (1:32)\u003cbr\u003e11. Bægjuven, Springar (1:50)\u003cbr\u003e12. Tukthusen, Springar (1:49)\u003cbr\u003e13. Ramsen, Springar (1:50)\u003cbr\u003e14. So Sulla Ho Mor På Rokken, Gangar (2:00)\u003cbr\u003e15. Lars Målar, Springar (2:03)\u003cbr\u003e16. Tussen I Vettahaug, Etter Høye Kvåle, Gangar (2:29)\u003cbr\u003e17. Vil Du Gifte Deg Eller Lenger Gå?, Springar (2:06)\u003cbr\u003e18. Tjugedalaren, Springar (2:09)\u003cbr\u003e19. Tussebruri, Gangar (2:34)\u003cbr\u003e20. Jenta På Loftet, Springar (2:36)\u003cbr\u003e21. Gryteskrubben, Reinlender (2:33)\u003cbr\u003e22. Fossekallen, Springar (1:34)\u003cbr\u003e23. Ligangaren (3:09)\u003cbr\u003e24. Springar På Nedstilt (2:14)\u003cbr\u003e25. Igletveiten, Springar (2:40)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68081146495070,"sku":"TA242","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA242.jpg?v=1795445728","url":"https:\/\/emmo.no\/products\/olaf-bergland-slattespel-fra-seljordshei-cd","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}