{"product_id":"maar-vrangsvevd-cd","title":"Maar - Vrangsvevd","description":"\u003cp\u003eMed debutalbumet ”Vrangsvevd” serverar MAAR tradisjonell norsk folkemusikk med ein utradisjonell vri. Maar vevar saman kjende slåttar og nyskriven komposisjonar til eit nytt og felles uttrykk. - Musikken er både leiken og luftig, groovy og intens, men har likevel rom for det såre og melankolske.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eTrekløveret Brekken, Frøholm og Tillung har alle ulik bakgrunn som musikarar, men på Maar sitt debutalbum har dei klart å sameine sine styrkar på ein meisterleg måte. På denne plata får ein servert alt frå røffe springarar som røskar i beinmargen til sukkersøte bruremarsjar, alt i trioen sine eigne, finurlege og leikne arrangement.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eDer slåttespel på hardingfele og fele står som Frøholm sin styrke, fungerar Tillung sitt trekkspel og Brekken sin kontrabass ikkje berre som eit reint komp, men dei krydrar i tillegg det heile med stor kreativ utfalding. Arrangementa er grundige og gjennomførde der dei treng å vere det, men har òg rom for fridom og leikenheit.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. mai er det klart for sleppet av MAAR si debutplate ”Vrangsvevd” og dette vert feira med ein liten Noregsturné.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eDå MAAR først møttest tok det ikkje lang tid før dei bestemte seg for å utforske denne spennande besetninga, danne ein trio saman og satse for fullt mot CD-utgjeving og turnering. Duoen Frøholm\/Tillung hadde allereie gjeve ut det kritikarroste debutalbumet Eins i 2009, men sommaren 2013 møtte dei jazzbassist Ellen Brekken og MAAR vart ein realitet.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Kolagutane (4:20)\u003cbr\u003e2. Håssåmesen (3:16)\u003cbr\u003e3. The Edinburgh Waltzer (3:36)\u003cbr\u003e4. Brureslått Frå Nordfjord (4:04)\u003cbr\u003e5. Falls Of Foyers (2:55)\u003cbr\u003e6. Hardråde (3:33)\u003cbr\u003e7. Bischofsdorfen (2:49)\u003cbr\u003e8. Golden Bridge (4:15)\u003cbr\u003e9. SørVest (2:17)\u003cbr\u003e10. Freske Førkjer Og Fælne Fusser (4:27)\u003cbr\u003e11. Kjøkmeistervise (3:42)\u003cbr\u003e12. Jeg Har Så Lun En Hytte (3:05)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68080690823262,"sku":"TA123","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA123.jpg?v=1795443180","url":"https:\/\/emmo.no\/products\/maar-vrangsvevd-cd","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}