{"product_id":"ingrid-lingaas-fossum-eit-halvt-tusenar-vinyl","title":"Ingrid Lingaas Fossum - Eit halvt tusenår","description":"\u003cp\u003eIngrid Lingaas Fossum har spelt inn si første soloplate, Eit halvt tusenår, på heile tolv gamle langeleikar! Den eldste av dei, Hasvoldseterleiken, er 500 år gamal i år. Vi får høyre ein stor variasjon av ulike klangar og tonalitetar, og kan dykke ned i verda til kvart instrument. Ingrid har i lag med instrumentmakar Oddrun Hegge reist rundt og undersøkt langeleikar frå ulike område i Noreg. Dei har funne fram til tolv eldre instrument, frå Valdres, Telemark, Gudbrandsdalen, Hallingdal og Gjøvik – pluss ein kopi av ein eldre langeleik frå Ulvik. Ingrid har brukt lang tid på å bli kjend med og forstå kvart instrument, og speler ein stor variasjon av låttemateriale frå ulike område. Fokuset har vore å bli kjend med kvar langeleik slik han er – med sine ulydar og utfordringar, men òg med sin unike klang og tonalitet. Der det finst opptak, har ho forsøkt å ta med seg noko av spelestilen til kvar kjelde – utan mål om å kopiere dei heilt.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eDet følgjer eit detaljert teksthefte med plata, der ein kan sjå og lesa om kvart instrument ein høyrer, og det Ingrid har funne av informasjon om repertoar og utøvarar knytt til instrumenta. I fysisk form blir plata gjeven ut på vinyl – eit lydformat som kler instrumentet og klangane ekstra godt. På grunn av at det er mindre plass på vinyl, er det nokon fleire kutt på den digitale versjonen.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eSide A:\u003cbr\u003e1. SÆTERLÅT og HALLING ETTER AMALIE HASVOLDSETER\u003cbr\u003eLangeleik etter Petter Hasvoldseter (1928–2012)\u003cbr\u003e2. DEN STORE GRÅ BUKKEN\u003cbr\u003eLangeleik etter Lina Holte (1891–1970)\u003cbr\u003eLangeleik etter Anne Milly Teksle (f. 1942)\u003cbr\u003e3. SPEL-SISSEL\u003cbr\u003eLangeleik etter Rønnaug Tostensdotter Dalseg (1807–1880)\u003cbr\u003e4. BESSLEIKEN og SKRINDJENTA\u003cbr\u003eLangeleik etter Rønnaug Tostensdotter Dalseg (1807–1880)\u003cbr\u003e5. SPRINGAR ETTER ANDERS KJERLAND\u003cbr\u003eLangeleik etter Olav H. Hauge (1908–1994)\u003cbr\u003e6. HULDRESLÅTT\u003cbr\u003eLangeleik etter Olav H. Hauge (1908–1994)\u003cbr\u003e7. TOLVTALSVISA\u003cbr\u003eLangeleik etter Andres Lauvås (1840–1922)\u003cbr\u003eSide B:\u003cbr\u003e1. SPRINGAR ETTER GREGAR NORDBØ\u003cbr\u003eLangeleik etter Anne Milly Teksle (f. 1942)\u003cbr\u003e2. FUGLEHAUGEN og RANGDI RØLLÅNG\u003cbr\u003eLangeleik etter Olav Andreas Hauge (1904–2002)\u003cbr\u003e3. HAN HALLGRIM GJERE ME SKO, HAN\u003cbr\u003eLangeleik etter Johannes Halden (1844–1936)\u003cbr\u003e4. THOMASKLUKKELÅTTEN\u003cbr\u003eLangeleik etter Gjartrud Bøiesdotter Myhre (1850–1939)\u003cbr\u003e5. KNUD NORDLANDS VALS\u003cbr\u003eLangeleik etter Marit Leine (1818–1903)\u003cbr\u003e6. REINLENDER ETTER THORVALD STORELI\u003cbr\u003eLangeleik etter Mikkel O. Storeli (1883–1975)\u003cbr\u003e7. SPRINGAR ETTER ANNE WINDINGSTAD\u003cbr\u003eLangeleik etter Anne Windingstad (1847–1932)\u003cbr\u003e8. VA DET ‘KJE DU SOM LEIKA MED GURO og FØRNESBRUNEN\u003cbr\u003eLangeleik etter Andres Lauvås (1840–1922)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":67979151671390,"sku":"TA287","price":369.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA287.jpg?v=1794477887","url":"https:\/\/emmo.no\/products\/ingrid-lingaas-fossum-eit-halvt-tusenar-vinyl","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}