{"product_id":"gunleik-bondal-sigurd-frogner-kappleiksspel-fra-telemark-og-numedal-cd","title":"Gunleik Bondal \u0026 Sigurd Frogner - Kappleiksspel frå Telemark og Numedal","description":"\u003cp\u003eGunleik Bondal og Sigurd Frogner er to sentrale utøvarar i hardingfeletradisjonen i Telemark og Numedal. Plateselskapet ta:lik kjem no med ei plate med suverent gode opptak med desse to spelemennene, gjort i hovudsak på 60- og 70-talet.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eGunleik vaks opp i Tuddal i Telemark, og lærde der spel av Olav Løndal og Einar Løndal. Seinare har han lærd også av Hølje Wårstulen. Gunleik deltok på mange kappleikar, mellom anna fire landskappleikar, og spela seg opp i klasse A i 1967 i Porsgrunn. I 1967 gifta han seg med Tordis Dalen frå Svene i Numedal og flytte dit. Dei fekk tre born. Gunleik er byggmeister og har hatt sitt eige byggjefirma i 30 år. Dessverre fekk spelemannslivet ein brå slutt i 1972, då han øydela ein finger på venstre handa si. Det var eit stor sakn å måtte leggje vekk fela.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eSigurd er pensjonert banksjef og bonde. I tillegg har han vore ein svært aktiv spelemann med mange oppdrag både her heime og utanlands. Viktigaste læremeisteren var Steingrim Haukjem (1897-1968) frå Veggli. I periodar budde læremeisteren fleire veker i strekk heime hjå eleven for å lære frå seg slåttespel. Særleg åra 1959-60 var Sigurd svært mykje saman med Steingrim og dei reiste ofte på kappleikar rundt om på Austlandet. Gjennom Steingrim fekk Sigurd tradisjonsspel som kan førast attende til forpaktarspelemennene på 1700-talet, så langt attende det er skrive spelemannshistorie i Numedal. Leif Aasane frå Kongsberg har og betydd mykje for Sigurd, både som inspirasjon og slåttekjelde. Men han vitja også spelemenn som Hellik A. Juveli i Flesberg, Halvor og Jon Kåsin i Nore, og har bytt slåttar og spelt saman med mest alle spelemenn i Numedal opp gjennom åra. Spesielt må nemnast Asbjørn Bratås, Arne Olsen, Øystein Ellefsen og Olav Strømmen.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Markensmåndagen, Springar (3:17)\u003cbr\u003e2. Suldølen, Gangar (2:33)\u003cbr\u003e3. Bøheringen, Springar (3:56)\u003cbr\u003e4. Brynjulf Olsson, Gangar (3:57)\u003cbr\u003e5. Fykerud'n, Springar (3:22)\u003cbr\u003e6. Ligangaren (1:44)\u003cbr\u003e7. Bokkoen, Springar (3:42)\u003cbr\u003e8. Skuldalsbruri, Gangar (3:01)\u003cbr\u003e9. Rjukanfossen, Springar (4:13)\u003cbr\u003e10. Tukthusen, Springar (3:12)\u003cbr\u003e11. Smågutslåtten, Springar (2:25)\u003cbr\u003e12. Heggtveiten, Gangar (3:12)\u003cbr\u003e13. Gangar Etter Jon Kjos (3:18)\u003cbr\u003e14. Kvennaslåtten, Springar (3:36)\u003cbr\u003e15. Tangeslåtten, «Løytnantsdrengen», Springar (2:50)\u003cbr\u003e16. Tråen-mann, Springar (2:02)\u003cbr\u003e17. Torstein Bromsdalen, Halling (2:26)\u003cbr\u003e18. Ola Skeimaker, Springar (1:54)\u003cbr\u003e19. Rjukanfossen, Springar (4:06)\u003cbr\u003e20. Gangar Etter Luråsen (1:56)\u003cbr\u003e21. Flesbergingen, Springar (3:04)\u003cbr\u003e22. Vegglijenta, Springar (2:36)\u003cbr\u003e23. Sinderoen, Gangar (2:02)\u003cbr\u003e24. Bekkjinguten, Gangar (2:54)\u003cbr\u003e25. Raudstakken, Springar (2:45)\u003cbr\u003e26. Gudvangen, Gangar (1:42)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68089219547230,"sku":"TA80","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA80.jpg?v=1795507762","url":"https:\/\/emmo.no\/products\/gunleik-bondal-sigurd-frogner-kappleiksspel-fra-telemark-og-numedal-cd","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}