{"product_id":"diverse-artister-slattar-fra-vaga-cd","title":"Diverse artister - Slåttar frå Vågå","description":"\u003cp\u003eFrå 1908 vart storkommunen Vågå delt opp i tre, Sel, Heidal og Vågå. Difor har det vore mykje kontakt og kommunikasjon innan dette området, noko som au har sett tydelege merke i slåttemusikken. Blind-Marit frå Nord-Sel, Hans Slettmo og Hans Arneson Vineshaugen frå Heidal er spelmenn som mange slåttar blir knytt til, og særleg blant spelmennene frå Lalm. Dei eldste spelmennene som er nemnde i samband med leikje, er nok Aslak Holen (1749–1838), ofte kalla Gamel-Holin, frå Skogbygda i Vågå og Ola Sjugurdson Skaar (1773–1863), gjerne kalla Spelmanns-Skårin.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eBåe var forpaktingsspelmenn, altså dei hadde einerett på dansespeling innafor eit visst område samstundes mot å betale ei avgift. Av neste generasjon er Ola Ringneset (1811–1902) frå baksida mellom Vågåmo og Tessand og Iva Bråtå (1827–1916) frå Lalm særleg sentrale i tradisjonsveven. Ringnesin var kjend som ein parlaus dansespelmann og skulle ha mange springleikar på ymse felestille. Iva Bråtå vart ei hovudkjelde for Ole Mørk Sandvik (1875–1976) i slåtteverket hans frå Gudbrandsdalen, Folke=musikk i Gudbrandsdalen (1919). At slåttemusikken er særleg knytt til slekter, vitnar dette om: Ein onkel til Ola Ringneset var Ole Olsen Ringneset (1789–1876), gjerne kalla Ringnes-Bråtein fordi han kom til Bråtå på Lalm. Han vart bestefar til Ola Bråtå (1844–1923), som var far til Ola Skogheim (1881–1966) og bestefar til Eide-brørne, Ola, Pål og Petter. Den munnlege tradisjonen fortel at desse Bråtå-spelmennene, som ikkje var i nær slekt, hadde ulik stil og fokus i musikken. Ola var den livate dansespelmannen med enklare former, medan Iva hadde eit meir detaljrikt og inderleg spel. Elles var Iva Bråtå svært påverka av «Lomsspelmennene », dvs Fel-Jakup (1821–1876), Rolv Gaupar og Jo Kjøkje. Dei to sistnemnde var fødde i 1824, og båe reiste åt Amerika. Dette er nok ein grunn til at det er så mange felles slåttar i Lom og Skjåk og i Vågå, og særleg på Lalm. Ola Toresen Nestgard (1805–1885) var frå Dovre og slo seg ned i Skogbygda i Vågå. Han vart ei viktig kjelde for spelmenn i denne delen av bygda. Han vart oldefar til Hans H. Holen. Vi finn nok mange leikje felles mellom Lalm og den nørdre delen, det vil seia dei vestlege grendene, av bygda, til dømes Skogbygda, men utøvarane vi har opptak av, syner noko ulik stil. Raskare og jamnare takt i nord, meir posisjonsspel på Lalm. Ein serie med springleikar blir spelte i tredje og iblant andre posisjon. Når to lét i lag til dans, var det gjerne slik at den eine fela lét «uppe» og den andre «ni». Den same spelmåten blir au kalla grovt og grant, med ein oktav mellom. Elles vil ein leggje merke til at dei eldre spelmennene fargela slåttane med ein gammal tonalitet, høyr berre på spelet til Per Brenden og Ola Eide. Slåttemusikken speglar au den sosiale rangordninga. I Vågå var det embetsstand ved sida av bondearistokratiet. Det var såkalla strykemusikk alt frå 1880-åra, og desse musikarane hadde både ein stil og eit repertoar som høvde i den sosiale overklassa, altså ein noko meir klassisk prega spelmåte. Ved sida av gamle springleikar, hallingar og marsjar er det såleis ein god del turdansar, til dømes firetur og fandango. Ein spelmann som Iva Bråtå, som kunne notar, hadde ein del ulike turdansar og lét på festar i den sosiale overklassa. Med andre ord vart det liksom eit klasseskilje i folkemusikken også.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Springleik Etter Iva Bråtå (1:35)\u003cbr\u003e2. Springleik Etter Iva Bråtå (1:06)\u003cbr\u003e3. Feier Etter Iva Bråtå (1:16)\u003cbr\u003e4. Brurmarsj (1:55)\u003cbr\u003e5. Springleik Etter Iva Bråtå (1:28)\u003cbr\u003e6. Springleik Etter Iva Bråtå (1:28)\u003cbr\u003e7. Polkett Etter Iva Bråtå (1:54)\u003cbr\u003e8. Springleik Etter Hans Teigplassen (1:19)\u003cbr\u003e9. Firetur Etter Iva Bråtå (1:03)\u003cbr\u003e10. Sinclairslåtten (1:20)\u003cbr\u003e11. Annonsering Ved Ola Eide (0:13)\u003cbr\u003e12. Dansar-Eli, Springleik (1:48)\u003cbr\u003e13. Vals Etter Hans Slettmo (1:45)\u003cbr\u003e14. Jakup Lom, Springleik (2:03)\u003cbr\u003e15. Malekaken, Halling (1:33)\u003cbr\u003e16. Annonsering Ved Ola Eide (0:30)\u003cbr\u003e17. Springleik Etter Ola Bråtå (1:18)\u003cbr\u003e18. Spakroleiken, Springleik (1:07)\u003cbr\u003e19. Gjermundhallingen (1:44)\u003cbr\u003e20. Malisa-Knut, Springleik (1:08)\u003cbr\u003e21. Vals Etter Hans Slettmo (1:02)\u003cbr\u003e22. Annonsering ved Petter Eide (0:08)\u003cbr\u003e23. Pål Oksel'n, Springleik (1:21)\u003cbr\u003e24. Springleik Etter Ola Bråtå (1:23)\u003cbr\u003e25. Vals Etter Ola Bråtå (1:02)\u003cbr\u003e26. Springleik Etter Ola Skaar (1:44)\u003cbr\u003e27. Springleik Etter Fel-Jakup (1:20)\u003cbr\u003e28. Vals Etter Ola Bråtå (2:03)\u003cbr\u003e29. Storhallingen Has Fel-Jakup (1:58)\u003cbr\u003e30. Annonsering Ved Ola Opheim (0:05)\u003cbr\u003e31. Brø'køynnleiken, Vals (2:51)\u003cbr\u003e32. Springleik Etter Hans Nesset (1:38)\u003cbr\u003e33. Pillar-Guri-halling (1:56)\u003cbr\u003e34. Skotsk Etter Ola Kampen (1:53)\u003cbr\u003e35. Springleik Etter Ola Ringnes (2:19)\u003cbr\u003e36. Gamel-Steinin, Springleik (2:07)\u003cbr\u003e37. Vals Etter Ola Ringnes (2:11)\u003cbr\u003e38. Halling Etter Karl Fant (1:48)\u003cbr\u003e39. Annonsering Ved Hans H. Holen (0:06)\u003cbr\u003e40. Bestemor, Springleik (1:29)\u003cbr\u003e41. Eldhusleiken, Vals (1:05)\u003cbr\u003e42. Springleik Etter Pål Kolstad (1:25)\u003cbr\u003e43. Skotsk Og Vals (1:12)\u003cbr\u003e44. Springleik Etter Iva Bråtå (1:23)\u003cbr\u003e45. Toftemoin, Vals (1:41)\u003cbr\u003e46. Dråpåleiken, Halling (1:13)\u003cbr\u003e47. Annonsering Ved Hans H. Holen (0:30)\u003cbr\u003e48. Reinlender Etter Johan Bråtå (2:00)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68080944054366,"sku":"TA156","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA156.jpg?v=1795444142","url":"https:\/\/emmo.no\/products\/diverse-artister-slattar-fra-vaga-cd","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}