{"product_id":"diverse-artister-lyst-heile-natta-cd","title":"Diverse artister - Lyst heile natta","description":"\u003cp\u003eDen nordnorske landsdelen er lang. Veldig lang. Og beintøff. Det same kan ein seie om polsdansen i nord: ein beintøff skapnad som har overlevd i generasjonar. Ikkje fordi han er gamal, men fordi han er tøff, robust og vakker.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eEller som Hans Olsen frå Andørja (fødd 1882) fortalde til folkedansforskar Egil Bakka: «Beinan sette dei i lufta og forskjellig. De kunne spenne i taket med ein fot. Dei dansa vrangvegen og rettvegen. Det var ikkje mange som var borti den, og så måtte det vere armslag for det gjekk så vilt for seg, berre eit og to par samtidlig.»\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eI eit par hundreår har polsdansen vore brukt til fest og spetakkel, og det har vore gjort eit godt arbeid av arkiv, organisasjonar og enkeltpersonar med å vidareføre musikken og dansen til nye generasjonar av utagerande nordlendingar. Nokre av dei beste spelmennene i landsdelen i dag, har fanga variasjonen og rytmikken i dei ulike slåttane, og gjeve dei sitt eige særpreg. Plata syner eit regionalt bidrag til ei danse- og musikkform som for ei stund sidan var popkultur i heile Norden, og som framleis får heile kroppen til å rykke i polstakt.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eMed denne plata håpar vi å gjere dei nordnorske polsdansane endå meir tilgjengelege for dans- og musikkelskarar i landsdelen, heile fedrelandet og i det store utland. Lyst heile natta!\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\/ Sigurd Johan Heide\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eIdé og initiativ: Folkedansfestivalen 2011 i Bodø\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eProsjektleder: Terje Foshaug, Folkemusikk Nord\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eKunstnerisk ansvarlig: Ragnhild Furebotten\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eMiks og master: Store Studio AS ved Are Simonsen\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eGrafisk design: Eva Karlsson\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eForsidefoto: Hans M. Kanstad utlånt av Bård Ytterstad\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eØkonomisk støtte: Nordland ungdomsfylking, Finnmark ungdomslag, Troms ungdomsfylking,\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eSørfold danserlag, Bø barneleikarring, BUL Bodø, Bodø folkedanslag, UL Framsyn og Norsk Kulturråd.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eSpelmenn og spelkvinner: Susanne Lundeng, Julie Alapnes Normann, Ragnhild Furebotten, Vegar Vårdal, Leif Egil Andreassen, Mikal Lundemo, Ståle Paulsen og Målselv Spelmannslag.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eTakk til: Ola Graff, Sigurd Johan Heide, Bård Ytterstad, Roald Rendmælmo, Tor Magne Hallibakken, Kysten Studio, Fred Endresen, Odd Andreas Tofteng, alle musikerne som har bidratt, Ta:lik og Halvdan Sivertsen for lån av «tittel»!\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Polsdans Etter Hans Haugen, Susendal (2:38)\u003cbr\u003e2. Polsdans Etter Børre Holmstad, Vestvågøy (2:30)\u003cbr\u003e3. Polsdans Fra Lofoten Nedtegnet Av Leiv Valberg (2:11)\u003cbr\u003e4. Polsdans Fra Drevja Etter Walter Solli (2:45)\u003cbr\u003e5. Aslag-Slåtten Etter Aslag Aslagsen, Beiarn (3:08)\u003cbr\u003e6. Nordlandspols Fra Lofoten Nedtegnet Av Johan Nymo (2:32)\u003cbr\u003e7. Springar Etter Leiv Valberg, Vestvågøy (3:33)\u003cbr\u003e8. Jo Annjerso-Slåtten Etter Johan A. Aronsen, Beiarn (2:04)\u003cbr\u003e9. Polsdans Fra Beiarn Etter Wilhelm Øines (3:23)\u003cbr\u003e10. Polsdans Fra Drevja Etter Walter Solli (2:55)\u003cbr\u003e11. Polsdans Etter Daniel Hægstad, Lødingen (2:04)\u003cbr\u003e12. Polsdans Fra Beiarn Etter Wilhelm Øines (2:35)\u003cbr\u003e13. Polsdans Fra Sørfold Nedtegnet Av Alfred Buvik (2:13)\u003cbr\u003e14. Jarføro Etter Ole Arntsen, Velfjord (2:14)\u003cbr\u003e15. Polsdans Etter Kristine Kvam, Mosjøen (1:48)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68089273974878,"sku":"TA91","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/ta91.jpg?v=1795507896","url":"https:\/\/emmo.no\/products\/diverse-artister-lyst-heile-natta-cd","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}