{"product_id":"ashild-vetrhus-solbjorg-tveiten-sigbjorn-apeland-og-andreas-ulvo-hjem-jeg-lenges-cd","title":"Åshild Vetrhus, Solbjørg Tveiten, Sigbjørn Apeland og Andreas Ulvo - Hjem jeg lenges","description":"\u003cp\u003e”Når ein høyrer den gamle gravsalmetonen frå Suldal, krislar det kaldt ned igjennom ryggen, seier folk.\" (Rolf Myklebust, NRK radio). \"Hedenske hyl\" er ein annan karakteristikk gravferdssalmane har fått. Samtidig finn ein nokre av dei vakraste av dei vakre salmetonane i denne tradisjonen.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eGravferdssalmane me har dokumentert, lydfesta og no vil formidla vidare til folk, er henta frå Nord-Rogaland og Hardanger. Nokre av salmane er kjende, medan andre er i ferd med å gå i gløymeboka. Her er salmar med innfløkte melodiske vendingar og forsiringar, og salmar med enkel melodiføring. Dei har tilknyting til ulike deler av seremonien; ved kista i heimen, då den døde vart frakta ut, langs vegen og ved grava.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eTradisjonelt var det ein eller fleire menn som song desse songane og hadde rolla som liksongarar. Det gav ein spesiell dåm då dei song fleire saman fordi dei hadde ulik frasering, ornamentikk og tonalitet, men likevel song samtidig. Ein måtte bruka stemma på ein spesiell måte, då songen skulle høyrast over store avstandar. Kvart bygdelag hadde sine faste liksongarar. Gode songarar følgde slektene og gjekk i arv frå far til son. Kvinner var aldri liksongarar. Liksongarane gjekk oftast framfor hesten som drog kista, eller dei kunne sitja oppå kista eller i ei eiga kjerre. Resten av følgjet gjekk. Skikken var at liksongarane skulle syngja for “kvar rykande stove dei for framom”. Songen starta lenge før dei kom til tunet og det ljoma lenge etter dei var farne forbi. Ved somme høve måtte dei bruka båt og ro kista til kyrkjegarden. Då sat liksongarane i den fremste båten med kista, og songen bar langt utover vatnet.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eKjeldene våre\u003cbr\u003eEnok Olsen Vestre, Skjold (f. 1882)\u003cbr\u003eOla Olsen Fagerheim, Sauda (f. 1893)\u003cbr\u003ePer Vetrhus, Suldal (f. 1875)\u003cbr\u003eOdd Mehus (f. 1873)\u003cbr\u003eAnders Lunde (f. 1894)\u003cbr\u003eVigleik Eide, Tørvikbygd (f. 1850)\u003cbr\u003eHenrik Kleveland, Vats (f. 1879)\u003cbr\u003eBertha Rafdal (f. 1864)\u003cbr\u003eToralf Klungland, Ølen (f. 1919)\u003cbr\u003eOle Olsen Fykse, Kvam (f.1879)\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eIngen liker å snakke om døden, eller tenke den, aller minst sin egen. Men om dine nærmeste dør, eller venner brått blir revet bort, kanskje nettopp det å sette ord på hjelper? Den nobelprisvinnende forfatteren Jon Fosse har skrevet dikt som bygger bro fra livet som vi kjenner det til noe annet som vi ikke helt kjenner. Da vi lagde forestillinga «Når du er borte» fikk vi ha med noen av diktene hans. Sammen med det som i eldre tider ble kalt liksalmer, forsøkte vi å sette sammen ord og toner, som kanskje kunne berøre, kunne være til hjelp for å begripe reisa over til den andre sida. Publikum kunne oppleve en trøst, kanskje, om de hadde mista noen. De kunne kjenne på savnet av eller minnene om de døde. Også de lyse minnene. Vi håper at denne utgivelsen med musikken fra forestillinga, kan bidra til liknende opplevelser for lytterne.\u003cbr\u003e- Mette Brantzeg, regissør for forestillinga «Når du er borte»\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eÅshild Vetrhus - folkesong\u003cbr\u003eSolbjørg Tveiten - folkesong\u003cbr\u003eAndreas Ulvo - flygel, synth, song\u003cbr\u003eSigbjørn Apeland – trøorgel, song\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eProdusent: Tuva Syvertsen\u003cbr\u003eOpptak gjort av Bård Ingebrigtsen i Stange kirke april 2022.\u003cbr\u003eMiks: Bård Ingebrigtsen\u003cbr\u003eMaster ved Helge Sten, Audio Virus Lab\u003cbr\u003eAlle arrangement av musikarane.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eGrafikk framside: Jonas Howden Sjøvaag\u003cbr\u003eFoto innside: Signe Fuglesteg Luksengard\u003cbr\u003eDesign, omslag: Jonas Howden Sjøvaag\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eHjarteleg takk til: Jon Fosse, Samlaget, Folkemusikkarkivet for Rogaland, Arne Bjørndals samling, Ruth Anne Moen, Mette Brantzeg, Hilde Sandvik, Stange kirkekontor, og alle kjeldene våre for å ha tatt vare på og ført songane og tradisjonen vidare.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eInnspelinga er støtta av:\u003cbr\u003eNorsk Kulturråd, Fond for utøvende kunstnere, Creos Vederlagsfond og Stange kommune.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Hjem Jeg Lenges (2:28)\u003cbr\u003e2. Jeg Vet En Hvile (4:54)\u003cbr\u003e3. Nærmere (3:23)\u003cbr\u003e4. Bordvers (2:24)\u003cbr\u003e5. Jeg Råder Eder Alle (1:11)\u003cbr\u003e6. Farvel Min Sjel (4:41)\u003cbr\u003e7. Gravferdsslått (3:38)\u003cbr\u003e8. Gravferdssong (4:39)\u003cbr\u003e9. Å Hvor Salig (5:49)\u003cbr\u003e10. Halleluja (4:37)\u003cbr\u003e11. Ned i Vester Soli Glader (4:04)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68088970674270,"sku":"TA272","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA272.jpg?v=1795506841","url":"https:\/\/emmo.no\/products\/ashild-vetrhus-solbjorg-tveiten-sigbjorn-apeland-og-andreas-ulvo-hjem-jeg-lenges-cd","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}