{"product_id":"tufskrokjun-nordavind-cd","title":"Tufskrøkjun - Nordavind","description":"\u003cp\u003eOrdet tufskrøkje blir sagt om ei som ikkje får til noko særleg. Difor er namnet «Tufskrøkjun» eit særdeles lite treffande namn på desse felespelarane frå Vågå, Sel og Lom. Tufskrøkjun er tvert imot svært så dyktige i alt dei gjer, noko denne CD-en til fulle vitnar om!\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eKari Grøsland (f. 1977) Ann Kristin Odnes (f. 1975), Synne Grothe\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e(f. 1975) og Astrid Sulheim (f. 1977) er fire venninner som er dyktige\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eenkeltvis og som likar å spela saman. Og det har dei til fulle vist\u003c\/p\u003e\u003cp\u003egjennom mange toppresultat frå kappleikar.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eTrass sin unge alder har Tufskrøkjun ei lang fartstid. Synne og Ann\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eKristin stilte for fyrste gong på Distriktskappleiken på Åndalsnes i\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1993, da som duo. Kari vart med like etter. Dei tre samla spelte så\u003c\/p\u003e\u003cp\u003epå Distriktskappleiken på Tynset i 1995. Astrid Sulheim kom med i\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e2013. Fyrste landskappleiken dei var med på var i 1996, i Vågå.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eDei har delteke årvisst sidan. Tufskrøkjun gjekk til topps i Gruppespel\u003c\/p\u003e\u003cp\u003efyrste gongen i 2007. Heile seks gonger har dei vunne Landskappleiken,\u003c\/p\u003e\u003cp\u003ederiblant dei tre siste. Dei har òg delteke på Nordisk\u003c\/p\u003e\u003cp\u003emeisterskap i Sälen.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eGruppa har spelt mykje til dans – både til dansarar på kappleik\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eog til dans elles. Dei har vore trufaste deltakarar på Folkemusikktreffen\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eog Vågåtreffen i mange år og har delteke på ei mengd\u003c\/p\u003e\u003cp\u003ekonsertar.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eTufskrøkjun spelar mest slåttespel frå Nord-Gudbrandsdalen og\u003c\/p\u003e\u003cp\u003ealler helst springleik. Hovudtyngda av repertoaret er frå Vågå og\u003c\/p\u003e\u003cp\u003enoko frå Lom. Viktige kjelder for musikken er Jakob Skogum, Pål\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eSkogum,\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eOla Eide, Erling Kjøk, Knut Kjøk, Reidar Skjelkvåle, Hans\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eH. Holen og Ola Opheim.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eTufskrøkjun er bevisste på å hente fram eldre slåttar, samstundes\u003c\/p\u003e\u003cp\u003esom dei evnar å forme dei og tilpasse dei til nyare samspelformer.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eI samspelet nyttar Tufskrøkjun «grovt og grant», sekundering og\u003c\/p\u003e\u003cp\u003esmakfulle arrangement for å fargeleggje.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003ePersonleg har eg hatt gleda av å ha felespelarane frå Vågå og\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eSel med i Vågå Spelmannslag i mange år. Kari og Ann Kristin òg i\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eJuniorspelmannslaget. Ein skjønte svært tidleg at dette vart dyktige\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eutøvarar!\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eDenne CD-en osar av kvalitet på alle vis – så nyt musikken!\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\/ Trond-Ole Haug\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Leirdenja (2:47)\u003cbr\u003e2. Nordavind (3:12)\u003cbr\u003e3. Vals Etter Ola Eide (2:32)\u003cbr\u003e4. Lykkjeleik (2:05)\u003cbr\u003e5. Kari Kluften (2:36)\u003cbr\u003e6. Fykerudhallingen Hass Johan Bråtå (2:48)\u003cbr\u003e7. Rosenberger'n (2:52)\u003cbr\u003e8. Søljukolljakup Nr. 2 (3:37)\u003cbr\u003e9. Liljomen (2:19)\u003cbr\u003e10. Valbjørslykkjin (1:54)\u003cbr\u003e11. Hans Holens Minne (4:38)\u003cbr\u003e12. Reinlender Etter Johan Bråtå\/Ola Opheim (2:46)\u003cbr\u003e13. Jakob Lom (2:40)\u003cbr\u003e14. Gamel-Eirik-Hallingen (2:59)\u003cbr\u003e15. Storsagje (2:30)\u003cbr\u003e16. Vals Etter Ola Opheim Og Jakob Skogum (2:54)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68081126637662,"sku":"TA233","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA233.jpg?v=1795445570","url":"https:\/\/emmo.no\/en\/products\/tufskrokjun-nordavind-cd","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}