{"product_id":"svermere-tonekratt-cd","title":"Svermere - Tonekratt","description":"\u003cp\u003eTonekratt er den trea utgjevinga til Svermere. Gruppa ligg i skjæringspunktet mellom folkemusikk og jazz, med framifrå utøvarar frå fleire sjangrar. Aslak O. Brimi frå Lom spelar fele på plata. Som ein av landets fremste spelemenn set han eit tydeleg folkemusikkstempel på uttrykket.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eAlbumet er eit resultat av fleire års djupdykk i gammal og ny slåttemusikk. Mange slåttar har vore under lupa; dei har blitt vridd og vrengt; og resultatet er ein mikstur av tradisjon og nyskaping. Det vart eit underfundig og svermerisk møte mellom folkemusikk, jazz og litt rock.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eDet har gått fire år sidan førre album med denne leikande gjengen. I mellomtida har dei mellom anna vore med på viseprosjektet Fjellblomen, samt hatt tre ulike speleprosjekt i Namibia og Malawi. Det nye albumet har låtmateriale frå Ottadalen, Trøndelag og Sogn, samt nokre svenske og nokre sjølvlaga innslag. Viktige slåttekjelder er Hans W. Brimi, Hilmar Alexandersen og Amund Bjørgen.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eSvermere lar seg inspirere av ulike spelemenn og artistar både frå fortida og samtida, og resultatet vert ein liten labyrint av tonar og rytme - eit tonekratt.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eAslak O. Brimi – fele\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eSvein Tore Werstad - saxofon\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eTorbjørn Netland - gitar\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eEirik Mathias Husum - bass\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eEirik Hoff Walmsness - trommer\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eReleaseturné:\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e8\/3: Utgard Fleirbrukshus, Lom\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e9\/3: Dale-Gudbrands Gard, Sør-Fron\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e12\/3: Øyna, Inderøy\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e13\/3: Riksscenen, Oslo\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e21\/3: Chagall, Bergen\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e22\/3: Sælen Kirke, Fyllingsdalen\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e23\/3: Tre Brør, Voss\u003c\/p\u003e\u003cp\u003ewww.svermere.no \/ www.talik.no\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Desembermenuett (4:47)\u003cbr\u003e2. Leksand (4:08)\u003cbr\u003e3. Valét (1:44)\u003cbr\u003e4. Hjemve (4:47)\u003cbr\u003e5. Kleppdalsbekken (4:53)\u003cbr\u003e6. Mars I Bergen (2:26)\u003cbr\u003e7. Gammel-Bøa (4:27)\u003cbr\u003e8. Hilmar (3:30)\u003cbr\u003e9. Spjelderleiken (3:10)\u003cbr\u003e10. Melvin (0:58)\u003cbr\u003e11. Amund (4:51)\u003cbr\u003e12. Sogn (3:26)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68080690462814,"sku":"TA122","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA122.jpg?v=1795443179","url":"https:\/\/emmo.no\/en\/products\/svermere-tonekratt-cd","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}