{"product_id":"odd-erik-lothe-mighty-magnolias-jaguar-vinyl","title":"Odd-Erik Lothe \u0026 Mighty Magnolias - Jaguar","description":"\u003cp\u003eJaguar\u003cbr\u003e-nytt album frå Odd-Erik Lothe \u0026amp; Mighty Magnolias\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eDet skulle eigentlig berre handle om å spele inn eit par låtar til. Dei var liksom ikkje heilt ferdige med kvarandre, visesongaren og rockebandet. Odd-Erik Lothe og Emil Nordtveit hadde på kvart  sitt hald skrive låtar med deira felles leikestove for auge. Songar som ikkje kunne ha nokon annan heim enn her. Pandemi, stengte vegar, familieforplikteslar og alt anna til tross. Det balla på seg. Det varte ikkje lenge før dei innsåg at dette måtte bli eit heilt album. Og sjølv om dei hadde gjort dette før, føltes det som dei gjorde det for fyrste gong.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eForbrødringa mellom visesongeren frå Nordfjord og det framadstormande americanabandet Mighty Magnolias frå Os har allerede resultert i albumet Rust (2020). Når dei no viderefører samarbeidet med det nye albumet «Jaguar» høyres enno meir av deira felles forkjærlighet for artister som Ulf Lundell, Bob Dylan, Rolling Stones, Jayhawkes og The Band, for å nemne nokon. Som ved forrige utgjeving står Lothe sine poetiske og personlige tekstar på dialekt i fokus. Perfekt omkransa av det mektige soundet til Mighty Magnolias.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eResultatet er ni nye songar. Songar om det vanskelige vaksenlivet, om det å høyre til, om å ønske seg vekk. Om håplaushet og håp om tilgjeving. Draumar og erkjenningar. Ja, om nettopp - livet.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eGjestande musikantar på albumet er Bendik Brænne (sax, piano, kor, munnspel og perkusjon) Miriam Tumyr (kor) og Christian Øvraas (munnspel)\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eJaguar er produsert av Odd-Erik Lothe og Emil Nortveit\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eInnspelt i Havnelageret og Laidback Studio\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eMiksa av Daniel Birkleland i Havnlelageret Studio.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eEndelig ute, Engel, Flakse gjennom sola, Bli i draumen, Va det sånn det skulle bli, Når nattos dører opnar seg, Sjølv om eg elskar deg, I mine stengte rom, Liten gut\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":67979670519902,"sku":"EANLP01","price":319.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/EANLP01.jpg?v=1794485345","url":"https:\/\/emmo.no\/en\/products\/odd-erik-lothe-mighty-magnolias-jaguar-vinyl","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}