{"product_id":"malin-alander-tvinnar-pa-evighetens-trad-vinyl","title":"Malin Alander - Tvinnar på evighetens tråd","description":"\u003cp\u003eFolkesongar og låtskrivar Malin Alander (Hekate, Aurom) kjem med nytt album våren 2026, “Tvinnar på evighetens tråd” på plateselskapet Ta:lik.\u003cbr\u003eProsjektet spring ut i frå eit behov for å lage sjangerlaus musikk der folkesong, pop og improvisasjon er tydelige element. Musikken er organisk og impulsiv samtidig som fengande melodiar er rådande. Nokre av låtane har fast form, men mange av dei kan bryte opp i flytande strekk eller har uforutsigbare former. Eit eksempel er singelen “Minne meg” der verset er fritt og formbart i augeblikket, men refrenget er fast. Eit anna eksempel er “Mønsteret” der kompet er eit ostinat og resten formar seg rundt det.\u003cbr\u003eLåtane er arrangert av Alander og av bandet som består av Kalle Moberg på trekkspel, Ester Thunander på feler og Øystein Aarnes Vik på trommer. Plata er produsert av Alander, bandet og lydtekniker Aleksander Sjølie. I livesamanheng vil låtane flettast saman med vokalimprovisasjonar basert på ord, fraser og stiltrekk frå folkesongar, slik som “Sola, skuggen” på plata. Alander brukar Råskap, breidde og frihet i stemma, og låtane er fryktlause og tydelige med tema som motstand, mønster og hengivelse som tema.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1 Evighetens tråder  05:04\u003cbr\u003e2 Sola, skuggen  03:25\u003cbr\u003e3 Minne meg  04:45\u003cbr\u003e4 Motstand  04:54\u003cbr\u003e5 Lengsel  02:42\u003cbr\u003e6 La meg vandre  06:19\u003cbr\u003e7 Sjå mitt andlet  04:25\u003cbr\u003e8 Mønsteret  05:52\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":67979159273566,"sku":"TA301","price":369.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA301.jpg?v=1794478003","url":"https:\/\/emmo.no\/en\/products\/malin-alander-tvinnar-pa-evighetens-trad-vinyl","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}