{"product_id":"linda-gytri-umbra-vinyl","title":"Linda Gytri - Umbra","description":"\u003cp\u003eNå tilgjengelig på vinyl!\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eEit trekkspel. Ei kvinne. Berre eigne låtar. Umbra er debutplata til folketrekkspelaren Linda Gytri frå Oldedalen i Nordfjord. Cden består utelukkande av Gytri sine eigne komposisjonar, spelt på solo trekkspel. \"Linda har laga melodiar som spring ut av ei kjelde. Naturleg. Som om dei alltid har vore her\" skriv Sigrid Moldestad om Umbra.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eMusikken er inspirert av folk og sterk natur. Tittelen på plata er henta frå latin, og tyder skugge. \"På ein måte speglar vi alle kvarandre, vi ber alle med oss ein skugge av dei vi har møtt. Mine låtar er skuggane av dei eg har møtt – eit nytt bilete av det desse personane har gjeve meg, og det som har oppstått mellom oss. Som vi kan sjå ein skugge, kan vi høyre låtane. Som vi kan følgje skuggen sine linjer og former, finn vi linjene og formene i musikken. Det oppstår noko heilt nytt. Noko fullverdig eige. Umbra.\" skriv Linda i coveret.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eI musikken hennar er der rom for både ettertenksom melankoli og friske vindpust - på hennar heilt eige vis. Trekkspel er ikkje berre trekkspel, men også ei kjelde til draumar og musikalske landskap å sveve avgarde i.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1 Vakje 4:41\u003cbr\u003e2 Rutete Polska 3:19\u003cbr\u003e3 Näkemiin 5:34\u003cbr\u003e4 Appelsinspringar 2:03\u003cbr\u003e5 Rasmus Rare 2:40\u003cbr\u003e6 Blå Draum 4:20\u003cbr\u003e7 Kaivama 2:18\u003cbr\u003e8 Stad 2:34\u003cbr\u003e9 Tegode 3:54\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":67979669667934,"sku":"LMPLP312","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/lmplp312.jpg?v=1794485325","url":"https:\/\/emmo.no\/en\/products\/linda-gytri-umbra-vinyl","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}