{"product_id":"kjorstad-brothers-kjaere-min-maur-vinyl","title":"Kjorstad Brothers - Kjære min maur","description":"\u003cp\u003e- Det er fire år sidan Kjorstad Brothers slapp debutplata si, Pusinshi Ulla, på Talik. Den vart kritikerrosa og prisbelønt.\u003cbr\u003eSidan debuten har dei spelt omlag 80 konsertar saman i inn og utland, som duo og i lag med musikarar som Anders Røine, Hans Hulbækmo og Torgeir Vassvik. Med dei har vi også gjeve ut plater, Vassvik - Gakti (Heilo, 2019) og Reolô - Andre Sida (Talik, 2019). I tillegg har vi spelt mange konsertar og gjeve ut plater på kvar vår side, i band som Morgonrode, Frode Haltli Avant Folk, Miman, Billy Meier, Sanskriti Shresta Avatar og mange fleire.\u003cbr\u003eAlbumet Kjære min maur starta som eit prosjekt til Motvindfestivalen på Blå i 2018 og består stort sett av materiale som dei har lært etter opptak og nedskrifter av songarar frå Fronsbygdene. Dei har vore ute etter dei gode og naturlege melodiane når dei har bestemt seg for repertoar.  Det blir henta inspirasjon frå ulike delar av verda, til ei heilheitleg plate med gjennomført tonalitet og stemning.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eInstrumentariet i duoen er kraftig utvikla frå den førre plata. I tillegg til feler og vokal spelar dei på langeleik, fløyter, perkusjon og munnharpe.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Mauren og engjespretta\u003cbr\u003e2. Sinklarmarsjen\u003cbr\u003e3. Katta satt oppa takje\u003cbr\u003e4. Graupleiken\u003cbr\u003e5. Pelapipeleik\u003cbr\u003e6. Munnharpeslatt\u003cbr\u003e7. Heilagdagsvandring\u003cbr\u003e8. Budeiehull og hulderlokk\u003cbr\u003e9. Gauken\u003cbr\u003e10. Bessleiken hHei Helje Ru\u003cbr\u003e11. Mollergutmarsjen\u003cbr\u003e12. Na e det ende pa vart lag\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":67979154718814,"sku":"TA228LP","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/ta228lp.png?v=1794485142","url":"https:\/\/emmo.no\/en\/products\/kjorstad-brothers-kjaere-min-maur-vinyl","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}