{"product_id":"gro-kjelleberg-solli-stien-eg-fann-cd","title":"Gro Kjelleberg Solli - Stien eg fann","description":"\u003cp\u003e«Sjå! Det huset har eg vore med og sett i stand!», får eg ofte høyre frå handverkarar. «Høyr! Desse tonane har eg vore med og forma», kan eg med denne plata seie som musikar.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eHer er eit utvalg av repertoaret som har fulgt meg på konsertscener dei siste åra, saman med musikarar eg har samarbeidd lenge med. Du får høyre folketonar frå Nordmøre og Romsdal, stubbar og viser frå Os i Østerdalen og Røros, samt tre eigenskrivne songar som er mitt uttrykk i dag. Med meg har eg musikarane Øystein Sandbukt, Erik Oddmund Fostervoll og Marit Aspås.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eFolkemusikken var opprinneleg bruksmusikk. Om det var for å bysse barnet i søvn, underhalde, gje håp eller danse, fantes det alltid ein song. Her er nokre av tekstene og musikken eg fann. Håpar det fell i smak!\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e------------------\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eGro er fødd 1973, frå Angvik på Nordmøre, busett i Os i Østerdalen sidan 2003. Jobbar som frilans folkemusikar i tillegg til å ha deltidstilling som musikkpedagog ved Os kulturskole.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eHo er utdanna folkemusikar\/musikkpedagog ved Høgskulen i Telemark og Norges Musikkhøgskole. Her hadde ho songlærarar som Sondre Bratland, Kirsten Bråten Berg, Ragnhild Furholt og Berit Opheim.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eI 2004 og 2012 vann ho vokal klasse A under Landskappleiken, og er godt forankra i folkemusikkmiljøet.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Tona (2:22)\u003cbr\u003e2. Naboens Gyngestol (4:04)\u003cbr\u003e3. Stien Eg Fann (2:30)\u003cbr\u003e4. Sull Lull (2:37)\u003cbr\u003e5. Herre Gud, Ditt Dyre Navn Og Ære (1:39)\u003cbr\u003e6. Kråkevisa (3:15)\u003cbr\u003e7. Litj-Pelle (1:35)\u003cbr\u003e8. Vuggevise (3:01)\u003cbr\u003e9. Vær Trøstig, Mitt Hjerte (3:34)\u003cbr\u003e10. Stille Stille (3:48)\u003cbr\u003e11. Till Till Tove (1:21)\u003cbr\u003e12. Hyrdinna (3:27)\u003cbr\u003e13. Heimbygda (2:55)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68081119985758,"sku":"TA184","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA184.jpg?v=1795445013","url":"https:\/\/emmo.no\/en\/products\/gro-kjelleberg-solli-stien-eg-fann-cd","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}