{"product_id":"buster-sledge-call-home-vinyl","title":"Buster Sledge - Call Home","description":"\u003cp\u003eDen oslobaserte amerikansk-norske trioen Buster Sledge slepp 27. mai sitt første studioalbum, Call Home. Dette er oppfølgjaren til albumet Spirit, som bandet sjølv produserte og gav ut i 2020.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eI Buster Sledge er det fele, banjo, gitar og tre songstemmer som ber historiene fram langs eit orkestralt bakteppe forankra i akustiske musikktradisjonar frå USA. Hovudvokalist og låtskrivar, Michael Barrett Donovan, kjem frå Nord-California, og let personleg erfaring smelte saman med arketypar frå folk- og countrymusikken. Slik vert nytt liv blåst inn i velkjende songstrukturar. Gjennom Call Home sine elleve spor, løftar Buster Sledge på hatten til artistar som Norman Blake, Punch Brothers, Tim O'Brien og John Hartford.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eTrioen var første band ut i Sjur Lyseid (Little Hands of Asphalt) sitt nyopna Globus Studio. Lyseid har leia bandet inn i eit noko utvida akustisk lydlandskap der arrangementa er meir straumlinjeforma – som igjen står i kledeleg samspel til William Hay sitt omslagsbilete der breie penselstrøk i impresjonistiske fargar viser ein einsleg ryttar som skodar ut over ein stor elvedal.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eBanjospelar Mikael Jonassen frå Bodø, er den første i Noreg som har tatt høgare utdanning på dette instrumentet. Sjølv om det heile byrja med ein elektrisk banjo og fusion-jazz, fordjuper han seg for tida i akustisk banjo i Scruggs-stil via spelet til Béla Fleck. Han har tatt fleire turar til USA for å lære av meistrane der. Jakob Folke Ossum, jazzgitaristen som blei flat-picking aficionado, oppdaga lyden av akustisk plekterbruk gjennom Tony Rice og Bryan Sutton og studerte plater og videoar nøye for å lære seg teknikken. Felespelar Michael Barrett Donovan levde som musikar i New York City og tok ein mastergrad i klassisk komposisjon medan han turnerte med eit Grateful Dead-hyllestband. Dei tre møttest i eit kommentarfelt på eit bluegrass-forum etter at Donovan hadde flytta til Noreg i 2019. Resten av historia må du spørje dei om på ein konsert ein gong i framtida. Buster Sledge har stått på mange små og store scenar i Sør-Noreg – ikkje la sjansen gå frå deg neste gong dei tar turen til dine trakter!\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. The Wind (3:24)\u003cbr\u003e2. Mountain Jesus (3:03)\u003cbr\u003e3. Raindrops (3:34)\u003cbr\u003e4. Other Side (4:26)\u003cbr\u003e5. Man Eaten Lake (3:38)\u003cbr\u003e6. I Love This Road (4:02)\u003cbr\u003e7. Call Home (4:21)\u003cbr\u003e8. Faraway Blues (2:25)\u003cbr\u003e9. Sleepwalk (4:51)\u003cbr\u003e10. Dead Leaves (3:37)\u003cbr\u003e11. The Rain (3:42)\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":67979142725726,"sku":"HO7386","price":319.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/HO7386.jpg?v=1794477733","url":"https:\/\/emmo.no\/en\/products\/buster-sledge-call-home-vinyl","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}