{"product_id":"bakerhansen-live-i-oslo-vinyl","title":"BakerHansen - Live i Oslo","description":"\u003cp\u003eBaker Hansen fortel historier du har høyrt før. Likevel kling det annleis på vårt eige mål. Cooljazz frå gullalderen midt på 1900-talet, omsett og oppdatert til Noreg i notid. Dei gjendikta tekstane har inspirert musikarane til eigne tolkningar av klassikarane som Chet Baker spelte, med sin såre og nære tone i både trompet og songstemme. Baker Hansen er ikkje redde for å skape noko nytt ut av denne arven, slik at musikken og forteljingane som formidlast får ny aktualitet og meining.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eBiletet av Chet heng på heidersplassen på veggen, og supplerast av leikent samspel, ein fargerik musikalsk palett og eit nysgjerrig og lyttande band med improviserande musikarar som trivst på scena. Og nettopp sceneglede er sentralt på Baker Hansen si tredje utgjeving \"Live i Oslo\", som har dokumentert musikken, stemninga og formidlinga på konserten frå Gamle Raadhus i Oslo februar 2019. Med på laget har kvintetten fått med seg den norske jazzlegenda John Pål Inderberg. Hans tydelege barytonsax oser av rytmisk klårleik og fyller ut klangbiletet i ensemblet. Heilskapen er ein øyreopnar for publikum inn i ein lang jazztradisjon, men òg for korleis dette materialet pulserer vidare på den norske jazzscena.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Me forsvinn\u003cbr\u003e2. Kor djup æ ein fjord\u003cbr\u003e3. Ko veit du om kjærleik\u003cbr\u003e4. Det gamle bruset\u003cbr\u003e5. Koma heim\u003cbr\u003e6. Ulykkesfugl\u003cbr\u003e7. Ei som deg\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":67979141611614,"sku":"3779230","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/3779230.jpg?v=1794477703","url":"https:\/\/emmo.no\/en\/products\/bakerhansen-live-i-oslo-vinyl","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}