{"product_id":"astrid-garmo-sjugurd-vinyl","title":"Astrid Garmo - Sjugurd","description":"\u003cp\u003eOldefar, Sjugurd Garmo (1896–1991), var gardbrukar og spelemann\u003cbr\u003efrå Garmo i Lom. Han og oldemor Helene var budeier på setra\u003cbr\u003ei Kleppdalen. Opphalda på Uppigardssetra i Kleppdalen vart produktive\u003cbr\u003eår for oldefar som komponist. Han var særs glad i dyr, fjell\u003cbr\u003eog natur, og dette gav mykje inspirasjon til slåttane hans. Han\u003cbr\u003emeinte at han høyrde melodiar i naturen rundt seg, og komponerte\u003cbr\u003eofte medan han gjekk i fjellet, noko ein høyrer ein i vemodet i\u003cbr\u003emusikken hans. Han komponerte både gammaldans- og bygdedansmusikk,\u003cbr\u003eog skreiv spesielt mange springleikar. Sjugurd skreiv\u003cbr\u003etil saman opp imot 50 slåttar, og dei er kjende for sitt tradisjonelle,\u003cbr\u003emen samstundes nytenkande særpreg.\u003cbr\u003eEg har samla inn ein heil del arkivopptak etter oldefar, som\u003cbr\u003edannar grunnlaget for denne utgjevinga. Det er allereie gjeve ut\u003cbr\u003eein del versjonar av nokre av slåttane hans, men mange av dei er\u003cbr\u003ebåde spelt og forma etter moderne spel, og for det meste i arrangert\u003cbr\u003esamspel.\u003cbr\u003eHovudmålet mitt med denne utgjevinga er å gjere tilgjengeleg\u003cbr\u003eSjugurd Garmo sine komposisjonar, med fokus på å lyfte fram det\u003cbr\u003egamle preget han hadde i spelet sitt og i komposisjonane sine.\u003cbr\u003eSjølv om fl eire av slåttane er å høyre både på innspelingar og i\u003cbr\u003ekonsertsamanheng, er også ein stor del berre å fi nne gjennom\u003cbr\u003elite tilgjengelege arkivopptak.\u003cbr\u003eEg ynskjer å gå attende til slik Sjugurd spelte slåttane – både\u003cbr\u003emed tanke på tonalitet, takt og framføring. Eg har handplukka ei\u003cbr\u003eblanding av dei gløymde og utelatne slåttane hans, i tillegg til dei\u003cbr\u003eeg likar aller best.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eSporliste\u003c\/strong\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003e1. Gjerdingsgjelen\u003cbr\u003e2. Bjøynnalien\u003cbr\u003e3. Orrleiken\u003cbr\u003e4. Budeiun på Lokkarhaug\u003cbr\u003e5. Hovdemillomleiken\u003cbr\u003e6. Bjøynnskarden\u003cbr\u003e7. Hestleitaren\u003cbr\u003e8. Hellbergjen\u003cbr\u003e9. Den fyrste\u003cbr\u003e10. Kvitbergjen\u003cbr\u003e11. Kvernkallen\u003cbr\u003e12. Gammel-Kleppdølen\u003cbr\u003e13. Synasno\u003cbr\u003e14. Bufårvalsen\u003c\/p\u003e","brand":"EMMO","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":67979141480542,"sku":"TA279V","price":389.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/TA279V.jpg?v=1794477699","url":"https:\/\/emmo.no\/en\/products\/astrid-garmo-sjugurd-vinyl","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}