{"title":"Storm Weather Shanty Choir Spotify","description":"","products":[{"product_id":"storm-weather-shanty-choir-live","title":"Storm Weather Shanty Choir - Live","description":"\u003cp\u003eSTORM WEATHER SHANTY CHOIR – LIVE\u003cbr\u003eI 2015 markerte Storm Weather Shanty Choir sitt 15-årsjubileum med ei rekke utselde konsertar i inn- og utland. Mange av konsertane vart lydfesta, og no er høgdepunkta samla på plate. Det seks mann sterke rockekoret frå Stord har bygd seg opp eit rykte som eit av landets sterkaste liveband, og etter å ha høyrt plata Storm Weather Shanty Choir LIVE, skjønar ein kvifor. Her har ein klart å fanga energien, trøkket og galskapen som oppstår når sjømannsrockarane møter sitt publikum. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eStorm Weather Shanty Choir er eit seksmanns rocka sjantikor\/band frå Stord beståande av musikarar med bakgrunn frå rock, pop, vise, metal, folkemusikk og, for kredibilitetens skuld, ein forsongar\/sjantimann med mastergrad på sjantiar og fleire års fartstid frå SS Statsraad Lehmkuhl. Sjantikoret har halde på i seksten år, og får eit stadig større publikum i inn- og utland som eit resultat av langvarig, målretta arbeid, og ei klar overtyding om at me har noko heilt unikt å tilby både nasjonalt og internasjonalt. Storm Weather Shanty Choir er truleg det mest hardtarbeidande sjantikoret i verda og kan sjå tilbake på over fire hundre konsertar, fem kritikarroste plater (alle med distribusjon gjennom Musikkoperatørene) publikumssuksess og stor respekt i både rocke- og folkemusikkmiljø.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDei siste åra har populariteten til Storm Weather Shanty Choir blitt merkbart større og berre dei siste fem åra har gjengen gjennomført fem Noregsturnear, to USA-turnear, to Japan-turnear og ei rekke konsertar i Tyskland, Nederland, Sveits, Polen, England, Sverige og Danmark.\u003c\/p\u003e","brand":"Emmo","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":41778146607198,"sku":"SWP0116","price":179.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/SWP0116.jpg?v=1749554880"},{"product_id":"storm-weather-shanty-choir-let-us-be-jolly-and-drown-melancholy","title":"Storm Weather Shanty Choir - Let us be Jolly and Drown Melancholy!","description":"\u003cp\u003eSWSC er Noregs yngste og friskaste sjantikor, samansett av seks karar med brei musikalsk bakgrunn. Koret er opptekne av å formidle sjøens songar på ein fengande, humoristisk og seriøs måte.\u003c\/p\u003e","brand":"Emmo","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":41778159747166,"sku":"SWP0501","price":179.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0589\/6752\/3422\/files\/SWP0501.jpg?v=1749555310"}],"url":"https:\/\/emmo.no\/collections\/storm-weather-shanty-choir-spotify.oembed","provider":"EMMO","version":"1.0","type":"link"}